Informasjon til foreldre/føresette med elevar i 8. klasse komande skuleår - val av tysk eller arbeidslivsfag

Før påske valde elevane valfag for komande skuleår. Me satsar på å starta opp alle dei tre valfaga frå hausten. Dermed får alle elevane oppfylt førsteønsket sitt. Valfag vel elevane for eitt skuleår om gongen.

Nå skal dei gjera eit anna viktig val som faktisk gjeld for alle tre åra på ungdomstrinnet. Dei skal velja mellom å læra eit nytt framandspråk (som på NBU er tysk) eller ha arbeidslivsfag.

Arbeidslivsfag er eit heilt nytt tilbod her på vår skule. Det har kome endringar i reglane frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) nå i vår som seier at skulane skal tilby dette faget frå hausten. Dette inneber på NBU at arbeidslivsfag vert fasa inn (tilbod til 8. klasse frå hausten) medan engelsk/norsk fordjuping vert fasa ut (tilbod til 9. og 10. klasse som alt er i gang med dette faget).

Som nemnt gjeld det valet eleven tar nå for alle tre åra på ungdomsskulen. Det er heilt opp til kvar elev (saman med dykk som føresette) kva fag ein vel. Men for dei elevane som vurderer å gå på Studiespesialiserande studieretning på VGS er det viktig å vera klar over at det kan vera konsekvensar ved å ikkje ha gjennomført tysk på ungdomstrinnet. Ta kontakt med rådgivar på skulen (Olaug) dersom dette er ei aktuell problemstilling for dykkar son/dotter. De kan og kontakta aktuelle vidaregåande skular direkte for å få heilt detaljert informasjon om eventuelle konsekvensar.

Tyskfaget har jo lange tradisjonar på skulen på Nedstrand. Komande skuleår vert det Judith og Ingrid som har ansvar for dette faget . Eg legg ved lenke til gjeldande læreplan for framandspråk (som på NBU er tysk): Læreplan i fremmedspråk (FSP01‑04) | udir.no

Arbeidslivsfag vert som sagt eit heilt nytt fag på vår skule. Det vert Gina og underteikna som får hovudansvar for faget komande skuleår. Vidare jobbar me med å få på plass samarbeid med «Ungt enterpenørskap» som vil bidra med sin kompetanse.

 

Eg legg ved lenke til gjeldande læreplan for arbeidslivsfag: Læreplan for arbeidslivsfag på ungdomstrinnet (ARB01‑03) | udir.no

 

Skjema for val mellom tysk og arbeidslivsfag finn de vedlagt. Frist for innlevering vert tysdag 21. april.

Ta gjerne kontakt med underteikna dersom det er noko de lurer på rundt dette valet!

________________________

 

Jan Ottar Stråbø -undervisningsinspektør-