Historie
Tysværvåg skule vart bygd i 1969 og var då ein barneskule frå 1. til 7. klasse. Dei gamle barneskulane Bringedal, Eikje og Falkeid vart samstundes lagt ned. I 1972 vart 7. klasse overført Frakkagjerd ungdomsskule.
I 1975 vart Tysværvåg kombinert skule. Gamle Falkeid skule vart tatt i bruk att, og 1. - 3. klasse heldt til her mens ein venta på utbygging. Våren 1978 gjekk det første ungdomsskulekullet ut av 9. klasse ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule.
I 1980 vart ny administrasjonsfløy (noverande 1. kl/sfo-avd.) bygd på, og i 1982/83 føregjekk ei større utbygging og ombygging av skulen. Mediateket med 9 klasserom rundt samt verkstad vart nybygd, og spesialrom for naturfag og forming vart laga etter ominnreiing av gamle klasserom og kontor. Hausten -82 vart 7. klasse frå Hetland, som fram til no hadde begynt ungdomssteget på Frakkagjerd, flytta til Tysværvåg. I samband med Statoil si utbygging på Kårstø var det laga bru over Førlandsfjorden, og vegen vart kort frå Hetland- krinsen.
I 1988 stod ny kroppsøvingsavdeling klar. Scene, folkebibliotek og tannlegerom vart og bygd. Denne hausten kom og 7. klasse frå Førland krins for første gong til Tysværvåg b/u-skule. Elevtalet låg no rundt 160-170.
Nye reformer kravde sitt. Seksåringane skulle begynna på skulen i 1997. Kommunestyret vedtok å leggja ned Hetland skule og overføra elevane til Tysværvåg. Nok ei stor utbygging måtte til, ca. 13 mill. kroner vart brukt til ny klasseromavdeling, ny administrasjon, nye grupperom og ominnreiing av tidlegare adm. fløy, som no vart 1. klasse- og sfo.-avdeling.
Hervik skule blei lagt ned hausten 2007 og elevane derfrå blei flytta til Tysværvåg.
I 2013 fekk skulen nok eit nybygg. Det rommar to grupperom med plass til 18 elevar i kvart rom. Romma har smart tavler og er mykje i bruk.
I perioden 2015 - 2019 har skulen blitt utbetra med nytt ventilasjonsanlegg. Lærarane har fått betre arbeidsplassar, personalrommet er flytta ned i 1. etasje, det er laga ny naturfagsal, skulen har kantine, gymsal med nytt dekke, helsesjukepleiar har fått nytt kontor, musikkrom er pussa opp, SFO har blitt pussa opp, avdelinga for forming og mat og helse er oppgradert, klasseromma i hovedbygget er renovert og utemrådet er oppgradert. Alt i alt framstår skulen som funksjonell.
Rektorar på Tysværvåg:
- 1969 - 1978 Magnar Berg
- 1978 - 1979 Dag Halvorsen
- 1979 - 1986 Magnar Berg
- 1987 - 1989 Kjell Heimvik
- 1990 - 1995 Dagfinn Engen
- 1995 - 1996 Gerd Staveland
- 1996 - 2004 Dagfinn Engen
- 2004 - 2013 Borghild Yrkje
- 2013 - Geir Dybdahl