Om oss

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for 1. – 4. års trinn og for barn med særskilte behov for 1. – 7. års trinn.

Straumen SFO

Med ANSVAR, TRIVSEL og RESPEKT Lærer me og har det kjekt!

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for 1. – 4. års trinn og for barn med særskilte behov for 1. – 7. års trinn.

Informasjon om tilbod og betalingssatsar, søknad, redusert foreldrebetaling og vedtekter finn du her:

SFO - skolefritidsordningen - Tysvær kommune

Her på Straumen SFO finn du engasjerte vaksne og born. Me arbeider systematisk etter rammeplanen for SFO.

Mål for SFO: Me skal ha bornas beste i fokus, dei skal vera trygge og bli sett. Me vil at alle borna skal oppleve meistring i leik og læring og at dei får delta i innhaldet til SFO kvardagen.

Me skal læra å samarbeida, venta på tur og vera ein god lyttar.

I SFO gruppa skal dei bli ein del av eit fellesskap der me inkluderer og kjenner på at her høyrer me til sjølv om me alle er ulike og har ulike føresetnad.

Leiken: Barndommens eigenverdi står øvst, me skal ivareta bornas behov for omsorg, tryggleik og tilsyn, samstundes som det blir gitt moglegheit for meiningsfull fritid og leik. Leiken har ein stor plass i SFO og borna får tid og rom til leik kvar dag.

I tillegg til mykje frileik har me eit kjekt nærmiljø me nyttar oss av. Der me utviklar respekt for naturen, livet og miljøet rundt oss. Fokus på fysisk aktivitet, kreativitet og berekraftig utvikling. Kjenne på det å høyre til. Me tek ofte i bruk gymsalen til ballspel, fredagsdisko og mykje kjekt. Innimellom har me kjøkkengrupper med fokus på sunn mat, måltidsglede og gode samtalar.

Førskulegruppa i barnehagen vert invitert på besøk i SFO tida for å leike og bli kjent, dette for å sikre ein god overgang frå barnehage til SFO.

Me har miljøarbeidarar som er bindeleddet mellom skulen og SFO. Personalet har møte ein gong i veka. Her reflekterer me over innhald og tilpassar opplegget på SFO med omsyn til bornas beste. Det vert sendt ut månadsplan til føresette med informasjon om kva som skal skje i løpet av månaden. Me brukar Visma skole i SFO, ved fråvær og beskjedar.

Opningstider: 07.00-16.30

Eit godt samarbeid fungerer begge veier og er grunnlag for god drift og utvikling. Så ta gjerne kontakt med oss og gi tilbakemeldingar på både ris og ros!

Kontakt:  

May Elin Tørresdal , SFO-leiar
Tlf: 95755933
E-post: may-elin.torresdal@tysver.kommune.no

Kontaktinformasjon

SFO Straumen skule
Telefon 90 56 30 60