Om Grinde SFO

Informasjon og praktiske opplysningar til foreldre/føresette med elevar på Grinde SFO

Antal elevar:

I år har vi 56 elevar på SFO, fordelt på:
1. klasse: 22 elevar
2. klasse: 16 elevar
3. klasse: 15 elevar
4. klasse: 3 elevar

Telefon 907 17 039

Fråvær

Dersom elevar er sjuke eller skal ha fri frå SFO må ein sende melding til SFO i Visma Skole. 

Avtaler

Vi held elevane på SFO til dei vert henta. Om du ynskjer at barnet ditt skal gå heim (fast avtale eller om det gjeld ein enkelt dag), ber vi om at du sender ei melding via Visma Skole til SFO. Det same gjeld om barnet ditt skal vere med nokon heim, eller om andre enn du/de hentar barnet.

Morgon-SFO

Morgon-SFO startar kl. 07:00. Dei som er påmelde SFO kan nytte inngangen til 1. klasse. Dei som ynskjer det, kan ete medbragt frukost, ellers har vi stille og rolege aktivitetar.
Kl. 08:00 ryddar vi, og går ut før skulen startar.

Kler

1. og 2. klasse brukar dei same garderobane som på skulen.
3. og 4. klasse får eigne SFO plassar i rød paviljong. Vi ynskjer at elevane har kler for all slags ver. NB: merk alle kler.

Grupper

Vi har 3 grupper på SFO, 2 grupper der vi blandar 1. og 2. klasse, og ei gruppe med 3. og 4. klasse.

Matpause

Vi anbefaler at dei som er på SFO tek med eigen matpakke. Vi et ca. kl 14:00 kvar dag. 
Omtrent anna kvar mandag lagar vi mat på SFO.

Aktivitetar

Vi kjem til å legge til rette for mykje leik og aktivitet på SFO, både inne og ute. Vi har fast turdag anna kvar onsdag, frå kl. 12:15-14:30. Vi har også anledning til å bruke gymsalen, der alle må bruke gymsko. Dei som ikkje har med gymsko, må gå barbeint.

Dagsorden

3. og 4. klasse har nokre  lengre skuledagar enn 1. og 2. klasse, og det vil derfor av og til vere kun 1. og 2. klasse på SFO.

Facebook

Vi har ei lukka Facebookgruppe for SFO, der vi deler bilder frå turar og ulike aktivitetar. Ynskjer du å være medlem, må du legge oss til: Grinde SFO.

Lurer du på noko er det berre å ta kontakt med skulen:

Bodil K. Egge
mobil: 986 38 617
e-post: bodil-karlsen.egge@tysver.kommune.no
 

Kontaktinformasjon

Grinde skule
E-post
Telefon 90 50 03 26

Besøks- og postadresse:
Skjoldastraumsvegen 30
5570 Aksdal

SFO: 907 17 039

 

Melding til skulen

Meldingar til skulen skjer via appen Min skole
(Visma Flyt Skole)