Informasjon og praktiske opplysningar til foreldre/føresette med elevar på Grinde SFO
Telefon 907 17 039
Fråvær
Dersom elevar er sjuke eller skal ha fri frå SFO må ein sende melding til SFO i Visma Skole.
Avtalar
Vi held elevane på SFO til dei vert henta. Om du ynskjer at barnet ditt skal gå heim (fast avtale eller om det gjeld ein enkelt dag), ber vi om at du sender ei melding via Visma Skole til SFO. Det same gjeld om barnet ditt skal vere med nokon heim, eller om andre enn du/de hentar barnet.
Vi sender barna heim kun hel- og halv- time, da vi har fokus på aktiviteter, leik og barnets beste.
Morgon-SFO
Morgon-SFO startar kl. 07:00. Dei som er påmelde SFO kan nytte inngangen til 1. klasse. Dei som ynskjer det, kan ete medbragt frukost, ellers har vi stille og rolege aktivitetar.
Kl. 08:00 ryddar vi, og går ut før skulen startar.
Kler
1. og 2. klasse brukar dei same garderobane som på skulen.
3. og 4. klasse får eigne SFO plassar i rød paviljong. Vi ynskjer at elevane har kler for all slags ver, og treng at alle foreldre med jamne mellomrom kjem innom for å sjekke at det er byttetøy.
NB: merk alle kler.
Mat i SFO-tid
Vi anbefaler at dei som er på SFO tek med to matpakkar kvar dag, ein til skule og ein til SFO. Vi et ca. kl 14:00 kvar dag.
Dagsorden
3. og 4. klasse har nokre lengre skuledagar enn 1. og 2. klasse, og det vil derfor av og til vere kun 1. og 2. klasse på SFO.
Aktivitet
Vi kjem til å legge til rette for mykje leik og aktivitet på SFO, både inne og ute. Vi har fast tid i gymsalen kvar onsdag frå 1215 - 1400, her deler vi oss opp i grupper med aktivitet/gymsal.
Når vi har turdagar vil det komme beskjed via Visma-appen.
Lurer du på noko er det berre å ta kontakt med skulen:
Angela H. A. Gard
mobil: 90 99 30 41
e-post: angela-helen-andersen.gard@tysver.kommune.no