Elevråd

Elevmedverknad og demokrati er viktige grunnprinsipp i norsk skule. Gjennom blant anna elevrådet skal elevane oppleve reell medverknad i eigen skulekvardag.

Elevråd

Alle skuler skal ha eit elevråd der elevar frå 5.-7.trinn er representert, det er slått fast i Opplæringslova. Elevrådet skal fremme fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings- og skulemiljø. 

Elevrådet har også med seg ein lærar til å bistå dei i arbeidet. Elevrådet skal samle inn innspel og forslag fra dei andre elevane i klassen eller på skulen. Dei skal også få informasjon frå rektor om reglar, planar og økonomi. Elevrådet har ansvar for å vidarebringe forslag fra elevane om det dei meiner kan bli betre på skulen, til lærerar og leiing på skulen.

Elevrådet har to representantar i skulen sitt samarbeidsutvalg (SU) og skulens skulemiljøutvalg (SMU)

Demokrati i skulen

Skulen skal fremme læring av demokrati. Opplæring gjennom demokratisk praksis handler om den forståinga elevar får av demokrati gjennom ulike former for medverknad og avgjeringar i fellesskapet, for eksempel i elevrådet. Elevrådet er elevane sitt formelle demokratiske organ, kor dei skal nå fram med sine meningar. 

Elevrådet er ei viktig arena for å trene demokratiske prinsipper i praksis. Dei som engasjer seg i elevrådsarbeid, får mange fine erfaringar som kan vere nyttige seinare i livet.

Kva gjør ein elevrådsrepresentant?

Opplæringslova krev at trinna på 5.-10. skal ha elevrepresentantar i elevrådet. Representantane blir valt seinast tre veker etter skulestart.

Elevrådsrepresentantane må både få og gi informasjon for å gjere ein god jobb. Representanten snakkar med andre elevar om meiningar og forslag dei har, og får tid i klassen til å diskutere aktuelle saker for elevrådet. Representanten har ansvar for å bringe denne informasjonen vidare til rektor og lærarar, og tar med seg informasjon tilbake til klassen om ting som er blitt bestemt og planar som er lagt.

 

Aktuelle tema og saker for elevrådet:

  • Trivsel og godt læringsmiljø
  • Fysisk utemiljø 
  • Barnas kommunestyre
  • Trivselstiltak og arrangement
  • Reinhald

 

 

Leiar for elevrådet ved Grinde skule er Kjersti Hafsahl (lærar). Dersom det er noko ein ønskjer å spørje om eller kome med eventuelle innspel rundt elevrådet kan ho kontaktast via Visma eller via e-post; kjersti.hafsahl@tysver.kommune.no