Tryggare ferdsel med nytt fortau og lys mellom Småget og Førrestjørn

Rogaland fylkeskommune startar no arbeidet med nytt fortau og belysning langs Høievegen på strekninga mellom Småget og Førrestjørn. Tiltaket skal gjere det tryggare for gåande og syklande å ferdast langs vegen.

Bilde fra området der ny gang- og sykkelveg skal kome.  - Klikk for stort bildeProsjektet bidreg til ein tryggare veg for mjuke trafikantar. Tysvær kommune

I løpet av september startar anleggsarbeidet på fylkesveg 4794 Høievegen. Prosjektet omfattar om lag 350 meter nytt fortau og belysning på strekninga mellom Småget og Førrestjørn. Det har ikkje vore gatelys langs denne delen av vegen tidlegare. 

I Trafikksikringsplanen for Tysvær kommune 2025–2028 er strekninga mellom Småget og Førrestjørn prioritert som det viktigaste tiltaket for gang- og sykkelveg langs fylkesveg, og kommunen er svært glad for at dette tiltaket kjem på plass.

Arbeidet blir utført av Mesta AS på oppdrag frå Rogaland fylkeskommune. Første del av prosjektet blir rydding av vegetasjon langs vegen før bygginga av fortau og lysanlegg tek til. 

Sidan strekninga er ein viktig skuleveg, vil entreprenøren ta særleg omsyn til dette i anleggsperioden. Det er lagt opp til redusert aktivitet med større køyretøy mellom klokka 07.50 og 08.20 på skuledagar.

Vegen vil i hovudsak vere open for trafikk medan arbeidet går føre seg. Det kan likevel bli periodar med redusert framkome, og korte stengingar kan førekomme i samband med mellom anna sprengingsarbeid. 

Arbeidet er planlagt ferdigstilt våren 2027.

Langsmed Høievegen kjem fortau og lys på strekninga mellom Småget og Førrestjørn. Sjå den raude linja. - Klikk for stort bildeLangsmed Høievegen kjem fortau og lys på strekninga mellom Småget og Førrestjørn. Sjå den raude linja. Rogaland fylkeskommune

Kjelde: Rogaland fylkeskommune