Trygg bruk av elsparkesykkel

Før sommarferien tek til, oppmodar Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk alle foreldre og føresette til å sjekke at barna brukar elsparkesykkel på ein trygg og lovleg måte. 

Enkle tiltak kan vere med på å førebyggje alvorlege ulykker.

Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk ser ein stor auke i alvorlege ulykker og er sterkt bekymra for at det vil bli fleire ulykker i sommar når barn og unge har fri frå skulen. 

Foreldre og føresette har hovudansvaret for barna i trafikken og vi ber de derfor gjere følgande no: 

  1. Snakk med barna om trygg bruk av elsparkesykkel og trafikkreglane
  2. Sikre at køyretøyet er lovleg (fart og effekt)  
  3. Sørg for at køyretøyet er forsikra
  4. Pass på at barnet har hjelm som passar og at denne blir brukt 

Du finn rettleiing til korleis du kan gjere dette på Trygg Trafikk sine sider.

Visste du at Tysvær kommune har sin eigen tryggleikskampanje om elsparkesykkel? Sjekk ho ut her.