Tilskottsordning for innsamling av stadnamn

Språkrådet lyser ut tilskott til innsamling og registrering av stadnamn. Søknadsfristen er 1. april 2025.

Stadnamn er viktige språklege kulturminne. Det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved desse namna kastar lys over liv og virke i tidlegare tider. Dei fleste eldre stadnamn er overleverte munnleg frå den eine generasjonen til den neste. 

Endringane i busetjingsstrukturen og overgangen til maskinelle driftsformer i primærnæringane gjer at mange gamle stadnamn går ut av bruk. Kulturarven som desse namna representerer, står i fare for å gå tapt når dei siste som kjenner til og bruker namna, fell frå.

Les meir og søk om tilskott her