Sommarquiz – vinn eksklusiv kopp!

I samarbeid med Av-og-til presenterer Tysvær kommune ein Klar for sjøen-quiz, der me trekker ut tre vinnarar blant registrerte deltakarar. 

Frist: 10. august.

Tysvær kommune har fått tak i tre eksklusive og fine emaljekoppar som det er stor etterspurnad etter, særleg blant båtfolket.

Skriv inn e-postadressa di først i quizen dersom du ønskjer å vere med i trekkinga.

Gå til konkurransen her: Klar for sjøen- quiz

Tysvær er ein Av-og-til kommune. Det vil seie at me jobbar for godt alkovett i situasjonar der alkohol kan vera til ulempe. Me ønsker å skapa eit trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge, og eit samfunn med betre alkovett. Les meir om Av-og-til her.

Kopp med skriften Ekte kapteiner drikker kaffe - Klikk for stort bilde