Søknad om tilskot til mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar/ungdomshus kan søke om tilskot. Ordninga gjeld både organisert idrett, eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.  Søknadsfristen er 16. februar 2023 kl. 13:00

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar tilskotsordninga som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet. Det kan gjevast tilskot til prosjekt eller til å få dekke eingongsutgifter i 2023 og 2024.

Dette er målgruppene for ordninga: 

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låginntekt. 
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særlege barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar opp til 26 år, som er jenter/kvinner, eller personar som har funksjonsnedsetting eller minoritetsbakgrunn.

Les meir om ordninga og korleis du kan søke her.