Situasjonen rundt Kårstøanlegget

Mange kjenner på ei uro rundt det som skjer i Europa, og spesielt etter det som skjedde med gassrøyra Nord Stream i Østersjøen. Det er no også aukande fokus i media rundt prosessanlegget på Kårstø.

Kommuneleiinga i Tysvær er i tett dialog med Equinor, Heimevernet og Politiet om situasjonen i vår kommune.

Vi stolar på at Equinor handterer situasjonen på ein god måte. Dei har jamleg kontakt med ordførar Sigmund Lier og rådmann Sigurd Eikje, og deler det dei kan av informasjon om vurderingar og tiltak.

Tryggleiken på anlegget er skjerpa, og vi er trygge på at aktørane held tett og god kontakt med dei deler av norske myndigheiter som vurderer truslar og tryggleik.
Politiet har orientert om at det vil vere meir synleg politi rundt Kårstøanlegget. Dei har også bedt Heimevernet om hjelp med vakthald rundt anlegget.

Vi har full forståing for at mange kjenner på uro. Likevel vil vi oppfordre våre innbyggjarar om å ikkje bekymre seg for mykje, og ha tillit til dei som jobbar med å ivareta tryggleiken, både i vår kommune og elles i landet.

Ordførar Sigmund Lier og rådmann Sigurd Eikje