Øv på skulevegen før skulestart

Det er viktig å øve på skulevegen allereie no. Barn har avgrensa synsfelt, er impulsive og lett distraherte. Dei manglar også trafikkforståing, så det er lurt å gå saman med dei og lære dei å bli tryggare i trafikken.

Øv på å bli trygg i trafikken

Å vera trygg i trafikken er noko som må lærast. Vi oppfordrar difor foreldre til å øva på skulevegen saman med borna. Finn den tryggaste ruta til skulen, gå den saman, og snakk om trafikken. Lag enkle hugsereglar, som kor ein skal stoppa, sjå og lytta før ein kryssar vegen.

Øving gjer meister

Anten ein går, syklar, tek buss eller bil, er det viktig å snakka om kva som er trygt og farleg på vegen til skulen. Dette hjelper borna med å forstå risiko og ta gode val. Tid saman med frisk luft og rørsle før skuledagen byrjar er òg verdifullt. 

Bruk gjerne Trygg Trafikk si nettside; barnastrafikklubb.no når de øver på skulevegen. På barnastrafikklubb.no finn de mange praktiske tips og aktivitetar for å bli betre trafikantar.

Tips til å øva på skulevegen

  1. Gå skulevegen utan barnet først og kartlegg stader som kan vera farlege.
  2. Ta dykk god tid og gå fleire turar saman.
  3. Snakk om det som skjer langs vegen og dei farane som kan oppstå.
  4. La barnet ta meir styring etter kvart.
  5. Ha det hyggeleg saman!

Foreldrebrev

Trygg Trafikk tilbyr nyhendebrev til foreldre! I første omgang for dei med born i alderen 0–6 ½ år, og seinare for dei med born i alderen 7–12 år. Dei sender òg ut eit brev før skulestart til foreldre med førsteklassingar. Meld deg på foreldrebrev her.

Lukke til med å øva på skulevegen saman med borna før skulestart!