Kva politivedtektene regulerer og moglegheita til å endra formuleringar
Dei lokale politivedtektene gir føresegner for utøving av polititenesta i kommunane. I lokale politivedtekter, som er ei kommunal forskrift, kan det fastsetjast reglar om forhold som er omfatta av politilova § 14 om politivedtekter.
Tema kan omfatta mellom anna ro og orden, pliktene til huseigarar, arrangement, demonstrasjonar, sal på offentleg stad og aktivitetar på eller ved offentleg grunn. Dei lokale politivedtektene tek utgangspunkt i Politidirektoratet sine normalpolitivedtekter. Det er opp til kvar enkelt kommune, i samarbeid med politiet, å vurdera kva føresegner frå normalvedtektene som skal takast inn, og om det er behov for lokale tilpassingar.
Meir om høyringa
Tysvær kommune sender forslaget til politivedtekter på høyring slik at offentlege og private institusjonar og organisasjonar, fag- og interessegrupper og andre interesserte får høve til å uttala seg om den nye politivedtekta.
Dersom du ønskjer å senda inn høyringsuttale, kan dette gjerast ved å sende inn digitalt skjema.
Du kan eventuelt også sende inn merknad på e-post til post@tysver.kommune.no eller i brev til Tysvær kommune, postboks 94, 5575 Aksdal. Merk uttalen med politivedtekter.
Høyringsfrist: 18. desember
Etter høyringa vil kommunen gjera eventuelle justeringar på bakgrunn av innspela som kjem inn. Saka vil deretter bli lagd fram for politisk behandling i kommunestyret. Når kommunestyret har fatta vedtak, blir forskrifta sendt til Politidirektoratet for stadfesting og kunngjering. Forskrifta er planlagd å tre i kraft éin månad etter at ho er stadfesta av Politidirektoratet.
Aktuelle dokument:
Saksutgreiing – Revisjon av politivedtekter for Tysvær kommune – offentleg høyring (PDF, 85 kB)
Forslag til nye politivedtekter 2026 (PDF, 121 kB)
Gjeldande politivedtekter – vedtekne 12.05.2000 (PDF, 177 kB)
Normalpolitivedtekta - Rundskriv (PDF, 341 kB)