Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) inviterer til vipemøte

Vipa er kritisk trua i Noreg. No vil forskarane høyre Rogaland sine erfaringar med vipetiltak.

NIBIO inviterer gardbrukarar med erfaringar eller synspunkt på vipestriper til møte torsdag 26. januar på Tysværtunet. 

NIBIO har fått økonomisk støtte frå Statsforvaltaren for å sjå nærare på regionalt miljøtilskot til vipestriper, og samle inn gardbrukarane sine erfaringar og synspunkt. Resultata vil bli brukt til å målrette innsatsen for å ta vare på vipa.

Stad: Tysværtunet kulturhus, Nygaardsalen
Tid: torsdag 26. januar 2023 kl. 11-14. 

På møtet presenterer NIBIO resultata frå den nasjonale overvåkinga av fuglar i jordbrukslandskapet, og så gjennomfører dei ei enkel digital spørreundersøking (ta med mobilen). Det blir også høve til å kome med spørsmål til forskarane.

Dette vil forskarane spørre om (frå nettsaka til NIBIO):

  • Kva er gardbrukarars synspunkt, kunnskap og erfaringar med vipestriper og liknande landbruksmiljøordningar?
  • Kva tenkjer gardbrukarar om ulike tiltak for viper, som t.d. flytting av reir, merking av reir, endra køyremønster, dekking av reir med diskar under gjødselspreiing, og vipestriper?
  • Kva vurderingar gjer gardbrukarar i balansen mellom praktisk drift av areal og varetaking av vipene?

Påmelding og meir informasjon

Påmelding og link til meir informasjon finn du her