Nasjonal test av nødvarsel onsdag 10. juni klokka 12

Onsdag 10. juni klokka 12 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Alle nyare mobiltelefonar som er kopla til 4G- eller 5G-nett i Noreg, vil ta imot nødvarselet. Samstundes vil tyfonane gi signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Slik ser nødvarselet ut på mobil. - Klikk for stort bildeSlik ser nødvarselet ut på mobil. DSB

Føremålet med testen er å kontrollera at varslingssystema fungerer som dei skal, samstundes som befolkninga blir kjend med korleis det er å ta imot eit nødvarsel på mobilen, og med lyden og signala frå tyfonane.

Mobiltelefonar vil vibrera og spela av eit høgt varslingssignal, sjølv om telefonen er sett på lydlaus. Testen er berre ei øving, og det er ikkje nødvendig å gjera noko når varselet kjem.

Dersom du ikkje ønskjer å ta imot testen, må du setja telefonen i flymodus eller slå han heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 10. juni.

Del gjerne informasjon om varslingsprøva, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.

Du finn meir informasjon om varsling av befolkninga her