Tysvær kommune ønskjer å få meir kunnskap om korleis personar mellom 18 og 55 år tenkjer om bustad, bustadområde og framtidige bustadbehov.
Undersøkinga er ein del av kommunen sitt vidare arbeid med å følge opp den vedtekne bustadplanen for Tysvær kommune 2025–2028. Målet med bustadplanen er å legge til rette for eit variert og tilgjengeleg bustadmarknad, slik at fleire kan finne ein bustad som passar til livssituasjon, behov og økonomi.
No ønskjer vi å høyre frå deg.
Kva ønskjer vi å vite meir om?
Gjennom undersøkinga ønskjer kommunen å få betre innsikt i:
- korleis folk bur i dag
- kva slags bustader folk ønskjer seg i framtida
- kva område og bumiljø som er attraktive
- kva som skal til for at fleire skal bu, flytte til eller bli buande i Tysvær
- kva økonomiske eller praktiske hindringar folk opplever i bustadmarknaden
Svara vil gi kommunen nyttig kunnskap i vidare plan- og utviklingsarbeid, og kan også vere viktig i dialog med utbyggjarar, Husbanken og andre samarbeidspartnarar.
Kven kan svare?
Undersøkinga er retta mot personar mellom 18 og 55 år.
Du kan svare enten du:
- bur i Tysvær i dag
- har budd i Tysvær tidlegare
- har familie eller annan tilknyting til Tysvær
- bur i ein annan kommune eller i utlandet, men kan sjå for deg Tysvær som aktuell bustadkommune i framtida
Du kan få SMS frå Tysvær kommune
Innbyggjarar i målgruppa som bur i Tysvær i dag, vil få tilsendt ein SMS med lenke til undersøkinga.
SMS-en er sendt ut av Tysvær kommune og er ikkje svindel. Dersom du er usikker, kan du også gå inn på undersøkinga via denne nettsaka på Tysvær kommune si offisielle heimeside.
Undersøkinga er anonym
Undersøkinga er frivillig og anonym. Du skal ikkje skrive namn, adresse eller andre personopplysningar i opne svarfelt.
Svara blir brukt samla i kommunen sitt arbeid med bustad- og samfunnsutvikling. Resultat kan bli delt i anonymisert og samla form med relevante samarbeidspartnarar.
Undersøkinga tek om lag 5 minutt å gjennomføre.
Svarfrist:1. september 2026
Lenke til spørjeundersøkinga: Bustadundersøking i Tysvær kommune (18–55 år)
Takk for at du tek deg tid til å svare. Dine innspel er viktige for utviklinga av framtidas Tysvær.