Høring av kommunedelplan E39 Bokn - Bømlafjorden

Statens vegvesen varslar at kommunedelplan E39 Bokn–Bømlafjorden blir lagt ut til høyring 9. februar 2026. 

I kommunedelplanen er det to forslag til vegkorridorar på strekninga. Planarbeidet omfattar kommunane Bokn, Tysvær og Sveio. 

Varslinga er i samsvar med plan- og bygningslova §11-14 og §3-7. Føremålet med planarbeidet er å fastsetje trasé for ny E39 frå Vestre Bokn i Bokn kommune i Rogaland, gjennom Tysvær kommune og til Bømlafjorden i Sveio kommune i Vestland. Konsekvensutgreiinga gjer greie for kva følgjer utbygginga vil få for miljø og samfunn.

Statens vegvesen har gjennomført eit omfattande planarbeid, som har resultert i to alternative vegkorridorar på strekninga frå Laupland i Bokn kommune til Bømlafjordtunnelen i Sveio kommune. Statens vegvesen si tilråding er alternativ 1.

Sjekk ut: www.vegvesen.no/vegprosjekter/europaveg/e39boknstord/
Her ligg plankart med føresegner, planomtale, konsekvensutgreiing, modellar og øvrige dokument, eller sjå QR-kode:

QR-kode saksdokumenter - Klikk for stort bilde

Høyringsperioden er frå 9. februar 2026 til 23. mars 2026

I samband med høyringa blir det halde folkemøte i dei tre kommunane:

  • Tysvær kommune:   Måndag 16. februar kl. 18:00-21:00 i Tysværtunet
  • Sveio kommune:       Onsdag 18. februar kl. 18:00-21:00 i Førde samfunnshus
  • Bokn kommune:       Torsdag 19. februar kl. 18:00-21:00 i Bokn arena
  • I samband med høyringa inviterer Statens vegvesen til opne kontordagar. Her kan du få ein-til-ein samtale med Statens vegvesen. 

    Følgande stadar og tidspunkt er sette opp: 

    • Tysvær kommune: Tysdag 3. mars kl. 12:00-19:00 i Tysværtunet, Nygaardssalen
    • Sveio kommune: Onsdag 4. mars kl. 12:00-19:00 i Førde samfunnshus, kjelleren
    • Bokn kommune: Torsdag 5. mars kl.12:00-19:00 i Bokn arena, Boknahåve

Slik sender du høyringsuttale

Høyringsuttalar og innspel til planarbeidet må sendast innan 23. mars 2026 via den digitale merknadsportalen: 
https://e39boknbomlafjorden-kart-vegvesen.hub.arcgis.com/pages/e39bokn-bf_gi_innspill

QR-kode innspel - Klikk for stort bilde


Alternativt kan du senda innspel via: 
•    E-post: firmapost@vegvesen.no
•    Brev: Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer 

Merk sendinga med: 
E39 Bokn–Bømlafjorden, merknad kommunedelplan, MIMEnr. 26/16457