I mai kom den aller første Stolpejakten til Tysvær, og den finn du rundt Bongsatjørn i Aksdal. Alt du treng å gjere, er å laste ned appen – så er det berre å leggja ut på "skattejakt".
På kvar stolpe finn du ein kode som kan scannast i appen, og slik samlar du stolpar og poeng.
Det er Tysvær bibliotek som har teke utfordringa med å laga innhaldet til postane i Tysvær. Når du scannar kodane, kan du læra meir om det du ser rundt deg og det som er særmerkt for Tysvær – gjennom lokalhistorie, dikt og små forteljingar.
Dette er morosamt, lærerikt og opplysande – både for fastbuande, turistar og andre tilreisande.
I Nord-Rogaland finst det allereie Stolpejakt i Haugesund og Sauda, og fleire stader kjem etter kvart. Inne i appen finn du kart som viser kvar stolpane er plasserte. Kanskje blir du ein av dei som blir smitta av stolpejakt-feberen? Det kan vere ein motivasjon for å gå på tur og sjå nye plasser, samtidig som det gjer godt for helsa.
Me håpar du får mange fine turar i løpet av sommaren.
Stoplejakten i Tysvær er eit samarbeid mellom Tysvær bibliotek, Tysvær frivilligsentral og Haugesund turistforening, med støtte frå Sparebankstiftelsen SR-bank.
Her lastar du ned appen på Google Play
Her lastar du ned appen på App Store
Bjørg Rørtveit frå Tysvær bibliotek tester ut Stolpejakten som biblioteket har levert innhald til.