Haugalandmuseet starta i januar 2024 opp eit pilotprosjekt frå Rogaland fylkeskommune. Prosjektet er retta mot eigarar av gamle hus, og går ut på at huseigarar kan få besøk og rådgjeving av ein bygningsvernrådgjevar med kompetanse på eldre bygningar.
Bygningsvernrådgjevar Mathilde Engum Rollan er ein restaureringsarkitekt frå Bergen som er utdanna ved Arkitekthøgskulen i Aarhus. Ho har dei to siste åra jobba ved eit arkitektkontor i Bergen.
Tilbodet er for eigarar av eldre bygningar som er usikre på kva dei kan eller bør gjera for å ta vare på bygningane. Bygninga treng ikkje vera freda eller formelt verna for å vera innafor tilbodet.
Huseigarane kan ta kontakt med Haugalandmuseet for gratis råd og rettleiing. Tilbodet er avgrensa til eit dagsverk per førespurnad.
Kontaktperson
Mathilde Engum Rolland
Mob. 459 19 679
E-post: mer@haugalandmuseet.no
Kva får huseigar ut av dette tilbodet?
- Besøk av ein bygningsantikvar med komopetanse på eldre bygningar
- Praktisk gjennomgang av eige bygg
- Svar på spørsmål om eldre hus
- Informasjon og råd om restaurering og vedlikehald
- Informasjon om støtteordningar
- Råd om kor ein kan vende seg for spesialkompetanse
Etter synfaringa får huseigar eit skriftleg notat om bygningen og kva som vart sett på. Notatet inkluderer gjerne gamle bilete og informasjon om vernestatus, dersom dette er tilgjengeleg. Notatet kan med fordel leggast ved søknadar om øknomisk støtte til antikvarisk restaurering. Museet tek gjerne bilete under synfaringa, dersom eigar tillèt det.
Kva får du ikkje gjennom tilbodet?
- Haugalandmuseet har inga myndigheitsrolle og kan ikkje pålegge eigar å gjere tiltak, og kan heller ikkje avgjere byggesaker eller liknande. Rolla til museet er å gi ei bygningsfagleg vurdering utanom det offentlege avgjerdsapparatet
- Haugalandmuseet utfører ikkje praktisk restaurering på synfaringane
- Den gratis synfaringa inkluderer ikkje ein omfattande tilstandsvurdering etter Norsk Standard
- Museet lagar ikkje teikningar av fasadar, planløysing eller liknande, men kan diskutere løysningar med huseigar
- Det vert ikkje delt ut økonomisk støtte gjennom denne ordninga, men det kan gis råd om kor og korleis huseigar kan få tak i slik støtte
- Tilbodet er i hovudsak retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombyggig og utviding/tilbygg. Huseigar kan ta kontakt om du er usikker.
Som del av dette tilbodet, vil det også bli arrangert kurs innføre aktuelle tema. Desse kursa blir annonsert på nettsida vår og i relevante media.
Kurs i bygningsvern for private huseigarar
Det er også oppretta kurs i bygningsvern for private huseigarar.
Dette er kurs retta mot private huseigarar som har planar om å restaurere eit eldre hus og ynskjer kunnskap og gode råd på vegen.
Les meir om kurset på Haugalandmuseet sine heimesider:
Kursrekke i bygningsvern for private huseigarar