Frakkagjerd ungdomsskule er finalist til Årets skulebygg 2026

Frakkagjerd ungdomsskule er vald ut som finalist i den nasjonale kåringa Årets skulebygg 2026. Kåringa løftar fram skulebygg som kombinerer god arkitektur, funksjonalitet og gode rammer for læring og trivsel.

Frakkagjerd ungdomsskule - Klikk for stort bildeFrakkagjerd ungdomsskule vart opna i 2025, og er nå finalist til Årets skulebygg. Tysvær kommune

Frakkagjerd ungdomsskule er blant finalistane i Nohrcon si kåring av Årets skulebygg 2026 – ein nasjonal pris som kvart år heidrar skuleprosjekt frå heile landet.


I kåringa blir det lagt vekt på mellom anna arkitektonisk kvalitet, korleis bygget støttar moderne læringsformer, berekraftige løysingar og rolla skulen har som møteplass i nærmiljøet. At Frakkagjerd ungdomsskule no er finalist, viser at skulebygget markerer seg i nasjonal samanheng.
 

– Dette er ei anerkjenning av arbeidet som er lagt ned i å utvikla eit skulebygg som fungerer godt for både elevar, tilsette og lokalsamfunn, seier kommunen.
 

Vinnaren av Årets skulebygg 2026 blir kåra seinare i år av arrangøren Nohrcon.
Finaleplassen er ei hyggeleg stadfesting på at Frakkagjerd ungdomsskule er eit skulebygg som blir lagt merke til – også utanfor kommunegrensene.