Grunnlaget som vart lagt inn var allereie inkludert mva, og når kommunen fakturerte for januar 2024 vart mva lagt til ein gong til.
Denne feilen berører alle som har månadleg faktura. Dei som har fakturering 2 gonger i året er ikkje ramma.
Det medfører at dei aller fleste fakturaene er 25 % for høge i forhold til vedtekne kommunale gebyr.
For å korriger feilen har kommunen to val; enten å senda ut ny faktura for januar eller redusera faktura for februar.
Alle fakturaene som gjeld januar 2024 er sende ut, og dei aller fleste har fått e-faktura eller avtalegiro i nettbanken sin. Dersom kommunen sender ut ny faktura for januar vil han leggja seg i nettbanken, enten som avtalegiro eller e-faktura i tillegg til allereie utsende faktura. Den nye fakturaen vil ikkje erstatta den fakturaen som er feil, men kjem i tillegg. Den enkelte som får fakturaene må dermed sletta den fakturaen som er feil i eigen nettbank.
Tysvær kommune har derfor vurdert det slik at det er ein betre løysing å redusera faktura for februar 2024 med det beløpet som er fakturert for mykje på faktura for januar. Det vil visast på faktura for februar kva endringar kommunen har gjort for å korrigera feilen på januar faktura.
Det varierer ut frå kva type abonnement kvar enkelt husstand har kor stor feilen på faktura for januar er, men for ein ordinær bustad utan vassmålar vil det som er fakturert for mykje vera rundt 293 kroner.
Tysvær kommune beklagar feilen som er gjort på faktura for januar og den ulempa det medfører for kvar enkelt fakturamottakar.