Det nærmar seg åpning av nye Tysværtunet badeanlegg

6. juli åpnar dørene til eit nytt, oppgradert og modernisert badeanlegg på Tysværtunet.

Nytt renseanlegg med kolfilter er på plass i bassengkjellaren, som har vore eit stort prosjekt og ein viktig del av moderniseringa i badeanlegget.

Mykje har også skjedd oppe i bassengområdet. Blant anna nye fargar, badstue, ny sklie, akustiske tiltak og nye vindauge. Nytt flisefritt barnebasseng, nye stupebrett og leikar er også på plass, og vi gleder oss til å ta imot publikum.

Vi startar med eit åpningsarrangement allereie 6. juli kl. 17.30-19.30. Varaordførar Sven Ivar Dybdal står for den offisielle åpninga. I tillegg står dødsing og gratis is på programmet.

Frå 7. juli gjeld desse åpningstidene:

Onsdag - fredag: 13.00 - 18.00
Lørdag - søndag: 12.00 - 18.00

Billetter til all bading må kjøpast og hentast ut på førehand på www.tysvertunet.kulturhus.no/bad

Med opplett og 30 grader i vatnet, får du sommarstemning i badeanlegget kvar dag, sjølv om det pøsregnar ute. Velkommen innom i sommar!