Dagsturhytta på Alvanuten er opna

Mange tok turen til toppen av Alvanuten lørdag då ordfører Sigmund Lier opna den nye dagsturhytta. Haugaland Skolebrass-ensemble sørgde for flott musikk, og det vart trekt fine premiar blant dei oppmøtte.

Hytta er ein plass folk kan møtast og ta ein pust i bakken i tørre og fine omgivnader. Hytta har eit lite turbibliotek, vedovn, benkar og store vindauge med utsikt utover heile Haugalandet.  Hytta er open heile året, men det er ikkje mogleg å overnatte.

Kjem du med bil, parkerer du i Aksdal sentrum og går derifrå opp til enden av Alvanutvegen. Der startar stien som går til toppen av Alvanuten. Turen opp tek ca. 45 minutt frå Aksdal sentrum.