Vedtak
Kommunestyret vedtek forskrift om folkevalde si rett til godtgjersle, utgiftsdekning og velferdsgoder.
Forskrifta trer i kraft frå og med konstituerande møte 19.10.23.
Auke i kostnad på kr 400 000,- pr år vert innarbeida i budsjett 2024 – økonomiplan 2024-2027.
Presisering av fast godtgjersle: Dersom ein folkevald innehar verv som hovudutvalsleiar og formannskapsmedlem, skal vedkommande ha utbetalt fast godtgjersle for begge verva.
Behandling
Maren Økland (Ap) la fram følgjande forslag til endring:
§6-1: Dersom utvalsleiar i tillegg er medlem i formannskapet skal leiar ha kr 10 000,- ekstra i fast godtgjersle.
§ 6-3: * gjeld ikkje utvalsleiar, jf § 6-1
Arvid B. Bakken (H) la fram forslag om nytt pkt. 4:
Presisering av fast godtgjersle: Dersom ein folkevald innehar verv som hovudutvalsleiar og formannskapsmedlem, skal vedkommande ha utbetalt fast godtgjersle for begge verva.
Rådmannens forslag til vedtak, med tilleggsforslag om nytt pkt. 4, lagt fram av Bakken (H) fekk 5 stemmer (H, SP og FrP)
Forslag lagt fram av Maren Økland (Ap) fekk 4 stemmer (AP og KrF) og falt.