Det vert vist til igangsett planarbeid for utviding av verksemda ved AF miljøbase Vats, «Detaljregulering for AF Miljøbase Vats med sjøområde i Vats- og Yrkefjorden». Varsel om oppstart av planarbeidet og høyring av planprogram vart sendt til offentlege styresmakter, lag og foreiningar, naboar og grunneigarar i brev og kunngjort i lokale aviser den 25.01.2024.
I etterkant av at det vart varsla oppstart av planarbeidet, er det vurdert at det er naudsynt å utvide planarbeidets avgrensing. Bakgrunnen for utvidinga av planområdet er at ein ser behov for å sikre eit større areal i sjø til våtlagring av ferdigmonterte havvindturbinar og fundament til vindturbinar. Utvidinga omfattar areal aust i Yrkefjorden, og utgjer totalt eit areal på ca. 5160 dekar.
Innanfor utvida planområde er det fleire eksisterande ankerfeste, og det er ønskjeleg å i større grad kunne nytte området til mellomlagring av installasjonar. Ved å innlemme eit større areal i sjø, vil ein ha større handlingsrom for å tilpasse planlagd verksemd til fiskeri og anna sjøaktivitet i området.
I tillegg til utvidinga i sjø, er det òg behov for å utvide planområdet på land, vest for eksisterande miljøbase. Dette for å sikre areal til etablering av eit nytt reinsebasseng for å auke framtidig fordrøyningskapasitet for eksisterande vassreinseanlegg i området. Reinsebassenget skal etablerast under bakken.
Utvidinga av planområdet er kunngjort på Norconsult sine nettsider
Planforslaget blir utarbeidd av Norconsult Norge AS på vegne av AF Offshore Decom AS. Grunneigarar, naboar og relevante myndigheiter og organisasjonar vil bli varsla om utvidinga av planområdet med brev.
Forslagsstillar ønsker med varselet å få innspel på utvidinga av planområdet, og om det er spesielle omsyn, interesser, anlegg eller liknande som kan kome i konflikt med utvidinga. Alle tidlegare innsendte merknader blir vurdert som del av planarbeidet, og det er derfor ikkje behov for å sende desse på nytt.
Innspel til utvidinga av planområdet kan sendast til Norconsult Norge AS v/Fride Spjelkavik Larsen, Postboks 626, 1303 Sandvika, eller på e-post: fride.sofie.spjelkavik.larsen@norconsult.com innan 26.12.2024.
Kartet viser avgrensing for planarbeidet.