3 Val og samansetting
Kontrollutvalet skal ha minst 5 medlemmer. Kommunestyret vel medlemmer og varamedlemmer til utvalet som første sak etter val av formannskap og ordførar/varaordførar i det konstituerande møte. Minst 1 av dei valde medlemmane i kontrollutvalet skal vere medlem av kommunestyret.
Kommunestyret vel leiar og nestleiar. Utvalsleiar kan ikkje vere medlem av same parti eller tilhøyre same gruppe som ordføraren. Det bør takast omsyn til kontinuitet i utvalet.
Utelukka frå val er ordførar, varaordførar, medlem og varamedlem av formannskap, medlem og varamedlem av folkevald organ med avgjerdsmynde og tilsette i kommunen. Medlemmer og varamedlemmer av kommunestyret er likevel valbare. Utelukka frå val er òg personar som har leiarstilling, eller er medlem eller varamedlem av styret eller bedriftsforsamlinga , i et selskap som kommunen har eigarinteresser i eller i eit interkommunalt politisk råd eller eit kommunalt oppgåvefellesskap.
Kommunestyret kan når som helst skifte ut kontrollutvalet. Ved utskifting av ein eller fleire medlemmer av utvalet skal alle medlemmene veljast på nytt.