Reglement for Tysvær kommunestyre og politiske utval
4 Anna
4.1 Lovlegheitskontroll
Tre eller fleire medlemmer av kommunestyret kan saman fremja krav om lovlegheitskontroll av avgjerd fatta i kommunestyret, anna folkevald organ eller administrasjonen, jf. Kommunelova kapittel 27.
4.2 Ny behandling av ei sak som er avgjort
Eit folkevald organ kan med alminnelig fleirtall be om ny behandling dersom det er organet sjølv som har endeleg vedtaksmyndigheit, og behandlinga er i tråd med Forvaltningslova § 35. Ei sak kan også bli behandla på nytt dersom eit overordna organ ber om ny behandling som følge av alminneleg instruksjonsmyndigheit frå overordna, delegerande organ. Vidare kan sak behandlast på ny dersom statsforvaltaren og/eller departementet ber om dette i medhald av lov eller forskrift.
4.3 Spørsmål
Møtande representantar kan retta spørsmål til ordførar/leiar. Enkle spørsmål om konkrete saker kan fremjast som spørsmål til ordførar/utvalsleiar, og det gjeld då følgjande reglar:
- Spørsmål skal fremjast skriftleg så tidleg som muleg før møtet, og seinast slik at leiar har 3 heile virkedagar til å førebu svaret på spørsmålet.
- Hovudregelen er at det vert gitt munnleg svar i møte.
- For spørsmål som er meldt seinare enn 3 virkedagar før møtet, skal møteleiar vurdere om spørsmålet kan svarast på i møtet, eller om svar blir gitt i neste møte.
- Representanten rettar sjølv spørsmålet munnleg til møteleiaren, og kan få høve til å grunngje dette innafor ei taletid på maksimalt 5 minuttar.
- Ordførar/utvalsleiar kan velja å svara på spørsmålet sjølv eller la rådmannen, eller ein som opptrer på vegner av rådmannen, svara.
- Etter at svaret er gitt, har den som spør høve til å stilla eit tilleggsspørsmål eller komma med konkrete merknader.
- Ved behandling av spørsmål kan den som spør, og den som svarer, ha eitt innlegg kvar. Dei kan dessutan ha ordet ein gong kvar til konkrete merknader, som må ha direkte samanheng med spørsmålet. Ingen andre skal ha ordet, då det ikkje skal vera debatt i samband med spørsmål.
- Ordførar/utvalsleiar kan avvise spørsmål dersom spørsmålet nyleg har vore stilt i same utval, eller at tema ikkje kjem inn under utvalet sitt ansvarsområde.
Det skal ikkje brukast meir enn totalt 30 minutt på «Samlesak for spørsmål».
4.4 Interpellasjonar
Førespurnader av prinsipiell art, der det blir føresett eit meir omfattande svar, blir behandla som interpellasjon, og det gjeld då følgjande reglar:
- Interpellasjonar kan berre rettast til møter i kommunestyret.
- Interpellasjonar skal sendast skriftleg på e-post til møteleiar og politisk sekretariat innan kl 12.00 ti virkedagar før møtestart.
- Interpellasjonen skal sendast ut saman med møteinnkalling og saksliste.
- Den som har meldt interpellasjonen, har høve til å legga fram ei munnleg grunngjeving innafor ei taletid på maksimalt 5 minuttar.
- Ordføraren kan velja å svara på spørsmålet sjølv eller å la rådmannen svara. Skriftleg svar på interpellasjon vert lagt med i møteprotokoll.
- Ved eit eventuelt ordskifte kan interpellanten, møteleiaren, leiaren i det utvalet saka gjeld og rådmannen få ordet 2 gonger. Elles skal ingen ha ordet meir enn ein gong.
- Dersom interpellasjonen blir meld seinare enn 10 dagar, kan ordføraren gi eit førebels svar og ta saka opp til full behandling i neste møte.
Det skal ikkje brukast meir enn 30 minutt på kvar enkelt interpellasjon.
4.5 Temadrøftingar og orienteringar
Ordførar/møteleiar kan, i samråd med kommunestyret/utval, legga opp til temadrøftingar/ orienteringar om spesielle emne. Slike møte eller delar av møte skal vera klart skild frå det ordinære møtet/den ordinære saklista, og skal leggast i forkant eller etterkant av eit ordinært møte, eller organiserast som eit særskild temamøte.
4.6 Orden i salen og bygningen
Møteleiaren skal sørgja for at det er ro og orden i møtesal/rom, galleri og i rådhuset elles. Han/ ho skal sørgja for at talarane ikkje blir stoppa eller uroa frå nokon kant. Ingen må gi uttrykk for meininga si med å laga bråk eller uro i salen. Blir saksbehandlinga, og møtet elles, hefta på grunn av uro og oppstyr i salen/møterom og rådhuset elles, kan uromakarane visast ut. Det same gjeld dersom dei elles viser framferd som er i strid med god orden.
Plakatar, illustrasjonar o.l. må ikkje setjast opp i møterommet når det er møte. Det skal ikkje leggast ut materiell til representantane utan godkjenning frå ordføraren/møteleiar.
4.7 Ekstern informasjon
Møteinnkalling m/sakspapir og møteprotokollar frå møte i kommunestyre og andre politiske organ er i utgangspunktet offentlege dokument. Med dei unntaka som er fastsette i lov og forskrift , skal desse dokumenta vera tilgjengelege for publikum på kommunen si heimeside på internett www.tysver.kommune.no .
4.8 Innbyggarforslag
Innbyggarane i kommunen kan fremme forslag som gjeld kommunen si verksemd, jf. Kommunelova § 12-1. Kommunestyret sjølv pliktar å ta stilling til forslaget og om det gjeld kommunen si verksemd, dersom minst 2 prosent av innbyggjarane eller minst 300 underskrifter i kommunen står bak forslaget.
Kommunestyret skal ta stilling til forslaget seinast 6 månader etter at det er fremma. Tidsfristen gjeld ikkje dersom forslaget blir vist til behandling i samband med pågåande plansak etter plan- og bygningslova. Initiativtakarane skal informerast om dei avgjerdene som blir gjort og tiltak som blir gjennomført som følgje av forslaget.
I same valperiode kan det ikkje fremjast forslag som har same innhald som eit tidlegare innbyggarforslag, eller har same innhald som ei sak som er behandla av kommunestyret i løpet av valperioden.
Eit forslag som er fremja etter reglane i denne paragrafen, og som blir nedstemt i kommunestyret, kan ikkje påklagast med mindre dette følgjer av andre reglar.
4.9 Godtgjersle
Kommunestyret fastsett sjølv i eige reglement kva godtgjersle og økonomiske vilkår dei folkevalde skal ha.
4.10 Etisk åtferd og reglar for orden m.m.
Alle som tek del i saksbehandlings- og vedtaksprosessen fram mot og under møte i folkevalde organ (medlemmer og varamedlemmer, rådmannen og den/dei som opptrer på hans vegne, ev. andre) skal følgja dei reglar for orden og etisk framferd som Tysvær kommunestyre har fastsett, jf. Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Tysvær kommune
4.11 Opplæring og informasjon til folkevalde
Det skal i kommunestyreperioden drivast opplæring av kommunestyremedlemmer og av medlemmer i styrer, råd og utval, når dette er nødvendig for at dei skal kunna utføra sine tillitsverv på ein tilfredsstillande måte.
Snarast mulig etter at kommunestyret er vald og har konstituert seg, legg rådmannen og den nyvalde ordføraren opp til kurs /opplæring for det nye kommunestyret, der dei grunnleggande prinsippa for kommunal verksemd blir gjennomgått. Reglementa for kommunen sine folkevalde organ, m.v. skal sendast dei folkevalde og blir gått gjennom i opplæringa.
Kurs for medlemmer i utval, råd og styre blir arrangert ved at dei ulike folkevalde organa avgjer sjølve i kva grad dei vil ha særskilt opplæring /innføring innanfor sine ansvarsområde.
4.12 Bruk av ad-hoc utval i arbeid med større saker
For løysing av tidsavgrensa oppgåver og/eller utgreiing av spesielle saker - til dømes i arbeidet med større enkeltprosjekt, omfattande utgreiingar og liknande - kan formannskapet/hovudutvala/ kommuneplanutvalet oppnemne arbeidsutval /ad hoc-utval. Jf. Kommuneloven §§ 5-6 og 5-7.
Mandat blir utforma i samband med oppnemninga av kvart enkelt adhoc-utval. Mandatet skal omfatta emne, tid og omfang, ev. vedtaksmynde og dessutan ev. økonomisk ramme.
4.13 Mindretalsanke
Eit mindretal på minst 1/3 i formannskapet, kommuneplanutvalet eller hovudutvala kan bringe ei avgjerd i vedkommande organ inn for kommunestyret. Ordførar kan også anke saka. Kravet om anke må setjast fram før møtet er slutt, og den skal protokollerast. Anken skal innan 7 dagar grunngjevast skriftleg og leverast til ordførar.