Reglar for tildeling av kommunale einebustadtomter i Tysvær

1 Reglar

1. Tysvær kommunestyre godkjenner følgjande reglar for tildeling av kommunale einebustadtomter: 

  1. Dette regelverket for tildeling av kommunale einebustadtomter gjeld ved sal til privatpersoner, og der kommunen har byggemodna og sel tomtene i eigen regi.
  2. Søkar må fylle ut søknadsskjema om kjøp av kommunal tomt og rangera dei tomtene søknaden gjeld. 
  3. Tildeling av tomter skjer ved loddtrekning. 
  4. Når søkar er tildelt tomt skal det skrivast kjøpekontrakt. 
  5. Kommunen har rett til å ta tomta tilbake til salspris dersom byggearbeidet ikkje er fysisk igongsett innan 2 år etter at kjøpekontrakt er signert. Dette vil bli gjort utan nytt varsel og ny frist dersom fristen ikkje vert halden. Slik forkjøpsrett blir tinglyst som hefte på tomta. 
  6. Dersom det oppstår forhold som gjer at kjøpar ønskjer meir tid til å komme i gang med byggearbeidet, må kjøpar søkje om dette seinast 3 månader før fristen på 2 år frå signert kjøpekontrakt går ut. 
  7. Reglane gjeld også for tomter kommunen kjøper tilbake for salspris, og skal seljast på nytt. Slike tomter vert lagt ut på ny, tilpassa marknadsprisen på salstidspunktet. 
  8. Personar/familiar som søkjer bustadtomt ut frå særlege omsyn skal ivaretakast i bustadsosial handlingsplan. 
  9. Rådmannen får fullmakt til å følja opp desse reglane. 

 

2. Reglane trer i kraft frå vedtaksdato og blir føresett evaluert innan 30.06.2016.