Tysværhegra

I 1965 vart noverande Tysvær kommune danna av dei tidlegare kommunane Nedstrand og Tysvær, samt søre del av Skjold og deler av Avaldsnes.

Då Tysvær kommune på 1980-talet skulle bestemma motiv for kommunevåpen, vart mange ulike forslag vurdert. Eit av desse var gråhegra som finnes i store deler av Tysvær.

Hegra var etter gamalt brukt som symbol på dei frå Tysvær. Tysværbuen vart sett på som fattig og dei som budde i Tysvær måtte slite for å finne leveveg i eit karrig landskap. Då folk frå nabokommunane såg ein hegre stå på eit skjer eller flygande forbi, sa ein gjeme med eit nedsetjande flir: “Sjå, der er ein tysværbu!”

Då kommunestyret i nye Tysvær så skulle bestemma seg for symbol valde ein det motivet som hadde vore symbolet på fattige kår og oftast brukt i negativ meining. Ein ville ikkje skjemmast over fortida, men tvert imot gjera hegra til heidersmerke i staden for slik den hadde vore brukt før. Og slik er det blitt. I dag er tysværhegra symbolet på velstand og framgang. 

Kommunevåpenet er teikna av Stein Davidsen i 1984.