Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Tysvær kommune

Formål

Sikre god etisk refleksjonskompetane på alle nivå i kommunen.
Følgjande etiske retningslinjer er vedteke i kommunestyret 16.12.14 og gjeld for folkevalde og tilsette i Tysvær kommune:

Hovudprinsipp

Tysvær kommune skal vera ein serviceorientert, open, heiderleg og påliteleg kommune som utfører oppgåvene sine i samsvar med god forvaltningsskikk.

Som forvaltarar av samfunnet sine fellesmidlar må kommunen sine folkevalde og tilsette vera medvitne om at dei i si verksemd legg grunnlaget for innbyggjarane sin tillit til kommunen, og til eit godt omdømme av kommunen.

Alle folkevalde og tilsette pliktar å følgje dei lover, forskrifter og reglement som gjeld for kommunen si verksemd, lojalt følgja opp dei vedtaka som er gjort i kommunale organ, og ta aktiv avstand frå og kjempa mot uetisk forvaltningspraksis.

Leiarverdiane i Tysvær kommune er raus, open, modig og ansvarleg. Desse verdiane skal saman med dei etiske retningslinjene  ligga i botn for alt arbeid leiarar og  tilsette utfører for Tysvær kommune.

Det skal sikrast god etisk refleksjonskompetanse på alle nivå i kommunen.

Ivaretaking av menneskeverdet

Folkevalde og tilsette skal behandle brukarar, kollegaer og andre dei kjem i kontakt med i si verksemd for kommunen med høflegheit og respekt. Tilsette og folkevalde må ikkje opptre på ein måte som kan krenke menneskeverdet. Ein skal vera særskild merksam på at svake grupper ikkje blir utnytta.
 

Habilitet og interessekonflikter

Folkevalde og tilsette skal unngå å komma i situasjonar som kan føra til konflikt mellom kommunen sine interesser og den einskilde sine personlege interesser. Dette kan også gjelda tilfelle som ikkje vert ramma av reglane om inhabilitet i forvaltningslova. Samstundes skal ikkje reglane om inhabilitet brukast for å sleppa å ta ansvar i vanskelege avgjerder.

Eksempel på slike moglege interessekonflikter kan vera (ikkje uttømmande opplisting):

  • Forretningsmessige forhold til tidlegare arbeidsgjevar eller arbeidskollegaer, eller til firma som den enkelte har betydeleg eigen forretningsmessig kontakt med.
  • Lønna verv og engasjement som kan påverke arbeidet for kommunen.
  • Tilsette sitt engasjement i interesseorganisasjon eller politisk verksemd, og som rører ved forhold som den enkelte arbeider med i kommunen.
  • Personlege økonomiske interesser som kan føre til at vedkommande kjem i konkurransesituasjon eller lojalitetskonflikt til kommunen si verksemd.
  • Familiære og andre nære sosiale kontaktar.
     

Dersom personlege interesser kan påverke, eller er eigna til å påverke, avgjerda i ei sak ein har ansvar for eller deltek i behandlinga av, skal ein ta dette opp med næraste overordna. For folkevalde skal dette varslast og takast opp i det organet ein sit i ved behandlinga av saka. Namn på folkevalde og leiarar, og deira politiske verv eller stilling blir automatisk registrert i Styrevervregisteret. I tillegg vil offentleg tilgjengelege opplysningar frå Enhetsregisteret og Foretaksregisteret bli automatisk innhenta for dei som er registrert i Styrevervregisteret. Dersom ein meiner det er relevant å gi opplysningar om andre forhold ein vurderer som viktige i samband med avgjerder i kommunen kan ein sjølv legge dette til i Styrevervregisteret.

Fortrulege opplysningar og informasjonsplikt

Fortrulege opplysningar som folkevalde og tilsette får i si verksemd for kommunen, må behandlast i samsvar med forvaltningslova og ikkje brukast til personleg vinning. Dette gjeld også etter at ein har slutta i verv / stilling i kommunen. All informasjon som folkevalde og tilsette gir i si verksemd for kommunen skal vere korrekt og påliteleg, og ikkje med vilje formulerast uklart, ufullstendig eller tvitydig.

Personlege føremoner, gåver og liknande

Folkevalde og tilsette i kommunen skal unngå personlege føremoner, gåver og liknande som kan påverke eller vere egna til å påverke handlingar,saksførebuing eller vedtak.

Dette gjeld likevel ikkje gåver av ubetydelig verdi, som til dømes reklamemateriell, blomar og liknande, og som har ein verdi på under kr. 500,- pr. kalenderår (jfr. skattelova og forskrift til denne) Med gåver meiner ein her ikkje berre materielle gjenstandar, men også andre fordelar, for eksempel i form av personlige rabattar ved kjøp av varer og tenester. Dette gjeld ikkje der det er inngått innkjøpsavtaler som inkluderer rabattar for tilsette i kommunen.

I tvilstilfelle og ved tilbod om gåver og liknande som har eit omfang som går ut over kommunen sine retningslinjer, skal nærmaste overordna kontaktast. Ikkje-akseptable gåver skal returnerast til avsendaren saman med eit brev som gjer greie for kommunen sine retningslinjer på området. I eigenskap av folkevalt eller tilsett i Tysvær kommune brukar ein ikkje alkohol som gåve.

Gåver som er gitt av brukarar skal handsamast med respekt og komma fellesskapet til gode.

Innkjøps- og rabattordningar

Kommunen sitt namn skal ikkje brukast for å oppnå betalings- og leveringsvilkår ved personlege innkjøp hos kommunen sine kundar eller leverandørar. Dette gjeld ikkje der det er inngått innkjøpsavtalar som inkluderer rabattar for tilsette i kommunen.


Representasjon og bevertning

Moderate former for gjestfridom, representasjon og bevertning høyrer med i samarbeidsforhold og informasjonsutveksling, men må ikkje praktiserast på ein unødig kostbar måte, eller slik at avgjerdsprosessen vert påverka eller kan gje andre grunn til å tru det.

Når det gjeld servering av alkohol skal det som hovudregel skje i tilknyting til måltidet, og i samsvar med kommunen sine «Retningsliner for rusmiddelbruk og spill i Tysvær kommune» (AKAN reglement).

Servering utanom måltid kan eventuelt skje ved representasjon eller spesielle anledningar og må då godkjennast av ordføraren / rådmannen.

Reiseutgifter

Folkevalde og tilsette sine reiseutgifter, kostutgifter og andre utgifter i fagleg, tenesterelatert og forretningsmessig samanheng skal dekkast av kommunen eventuelt annan offentleg instans.

Unntak frå dette prinsippet kan berre skje etter godkjenning frå rådmannen. Folkevalde og tilsette skal ikkje akseptere fritidsreiser betalte av private bedrifter, organisasjonar o.l. som han/ho har kontakt med i sin verksemd for kommunen.

Privat bruk av kommunalt utstyr, lokale med meir

Bruk av kommunen sine lokale, maskiner, bilar og anna utstyr til private føremål kan berre skje i samsvar med fastsette retningsliner, rutiner og prosedyrer.

Kommunale innkjøp

Leiarar på alle nivå er ansvarlege for at kommunale innkjøp skjer i samsvar med «Lov om offentlige anskaffelser», og dei innkjøpsprosedyrane som til ei kvar tid gjeld i Tysvær kommune. Kommunen sine rekvisisjons-, attestasjons- og tilvisingsrutiner skal følgjast i detalj. Rekvisisjon eller bruk av kommunen sitt namn til private innkjøp / uttak skal ikkje førekomme.