Julehelsing 2023

Dette året skal julehelsinga handle om livet. «Livet skjer» er eit uttrykk som eg har høyrt ofte i det siste, og det har inspirert til dei tankane eg vil dele med dykk. 

Korleis skal ein førebu seg til at livet skjer? Ytterpunkta er å førebu seg på dei verste kriser som kan skje, øve på det og alltid ha eit lager av det mest naudsynte. Eller tenkje at alt går godt til slutt, og ikkje bruke krefter på det som kan gå galt. Mellom desse ytterpunkta skjer livet. Noko i livet er rein flaks eller traumatiske ulykker. Mykje kan me ikkje styre, men mykje kan me styre sjølv. Kva som gir livet meining er svært ulikt frå menneske til menneske. Eg til dømes, finn stor lykke i jogging. Jogging har utanom arbeid vore den aktiviteten eg har brukt mest tid på dei siste 30 åra. Eg er avhengig. Jogginga gir meg overskot, det gir meg betre søvn, den er eit pusterom frå travle dagar, den gir møte med nye menneske. Jogging aleine, gir òg moglegheit til å tenke, som gir inspirasjon til å skrive. Inspirasjonen til det eg skriv no, fekk eg i dag, på ein to timar lang joggetur på det som endeleg var blitt isfri asfalt.

Kva vil eg så med denne teksten? Målet er at me alle skal reflektere litt over korleis me best mogleg kan ruste oss til livet som kjem. Livet går nemleg ikkje, det kjem. For dei som er elevar på Tysværvåg vil livet fortsette å  kome i mange år. Mykje truleg vil mange av våre elevar bli over 100 år! For desse kjem det mange dagar, målet må vere at flest mogleg av desse dagane blir gode. 

Kva som er ein god dag kan vere så ymse. Det er ein stor utfordring for oss som jobbar med barn og unge, korleis skal me klare å treffe flest mogleg? Det som motiverer nokon, stressar andre. Det nokon opplever som rettferd, meiner andre er urett. Det som engasjerer og fremjar kreativitet hjå nokon, dreper lærelysten hjå andre. Eg kunne avslutta her, og sagt at oppdraget me har ikkje kan løysast, men det er for feigt. Eg har stor tru på at me saman kan skapa gode dagar for alle, ikkje berre gode dagar, men fleire gode enn dårlege. Som grunnlag for gode dagar ligg tryggleik. Elevane må vere trygge på skulen. Denne veka har TV2 hatt reportasjar frå ein skule som hadde mykje mobbing og som nå hevdar at mobbinga har tatt slutt. Det er ein vågal påstand. Eg vil aldri sei noko slik. Det vil alltid vere elevar som til tider ikkje kjenner seg trygge. Alltid, men saman skal me kvar dag arbeida for at desse får det betre, og at slike dagar blir få!

Livet skjer. Det må me lære elevane våre. Noko kan me kontrollera meir enn anna, men liver skjer. Livet er kvardagshendingar, som ho mista ei tann førre veke, eller han som gler seg til nissegraut hos onkel med heile slekta. Me mister nokon som er oss nær, alvorleg sjukdom rammar, men nye familiemedlemmar kjem til og veldig mange blir friske. Ein viktig ting som me alle kan gjere, er å vere der for kvarandre, le saman, hjelpe dei som slit og vere ein god venn. Jon Fosse som nyleg fekk Nobelprisen i litteratur seier noko om ei ungdomstid som krevjande, som gjorde at han ikkje turte å stå føre klassa han gjekk i. Han skreiv seg gjennom ungdomstida. Då han vart vaksen blei ikkje tekstane han skreiv godt mottekne, likevel heldt han fram med det han trudde på. Resultata talar for seg sjølv. 

Me må oppmoda elevane våre til å følgje interessene sine og ha tru på det  er mogleg å få det til. Svært få får ein Nobelpris, men til og med det kan ein drøyme om. Det er lov. Eg møter elevar som ikkje vil avspasere dei siste timane på fredagen for dei heller vil på kjøkken og laga mat. Dei vil bli kokkar. Førre veke møtte eg ein 11 åring som elskar å springe. Det kjekkaste han veit er å springe. Eg høyre elevar på ungdomssteget som preiker om brøyting, sjekkar Yr, og lurer på om det blir meir brøyting denne veka. Eg har sett auga på dei elevane som har fått «prøvekøyrt» den nye gaming rommet, dei lyser som Betlehemstjerna. Eg såg kor kreative og ivrige elevane var på julemarknaden, her var det fleire grunderspirer. Me må heie på kvarandre og sjå moglegheitene ikkje avgrensingane.  Jon Fosse kjente på at dei andre trykka han ned, me vil ikkje vere av dei som trykker andre ned. Me skal løfte kvarandre og gjere livet godt for kvarandre.

Livet skjer og eg er svært glad for at  mykje av livet mitt dei siste 10 åra har skjedd på Tysværvåg, saman med fantastiske kollegaer, flotte elevar og positive føresette. 

Det er sagt mykje om at rektorrolla er krevjande, og det er ho. Det skal den vere. Eg er ansvarleg for 257 elevar som har meir enn 500 føresette og 40 tilsette. Eg søv likevel godt om nettene og gleder meg til kvar arbeidsdag. Sjølvsagt er det regnversdagar, men flest solskinsdagar. Grunnane til at eg har det så fint på arbeid, er samarbeidet med de som er føresette, dei kjekke elevane og godt samarbeid med dei tilsette. Det gir energi å vere ein del av laget rundt elevane ved Tysværvåg.

Det blir òg skrive mykje om lærarrollen, at det er ein krevjande jobb med mange ulike oppgåver som skal løysast. Krav om å vere tilgjengeleg og høgt tempo. Det er heilt sant, men her gjeld det same som for rektorrolla. Fungerer samarbeidet med føresette, klarer leiinga å gi støtte, og er relasjonen til elevane god, blir jobben lettare. Ikkje enkel, men mykje lettare.

Foreldrerolla er heller ikkje enkel og får mykje omtale. Det siste eg høyrde, var at TV2 lagar ein serie om foreldrestilar. Sju foreldrepar med ulik stil skal vise korleis dei oppdrar ungane sine. Det kan sikker vere nyttig, men eg trur likevel at foreldre må finne ut av det sjølv. Det er aldri feil å lære av andre, men foreldrerollen eig den einskilde. Det er mykje som talar for at det å vere varm og tydeleg er ein god tilnærming. Elevane vil ha tydelege vaksne som er føreseielege. Å smile er svært smittsamt!

Felles for dei ulike rollene er at me alle vil gjere feil, det viktige er at me lærer av feila. Feil vil me gjere, og då må me støtte kvarandre og finne vegen ut av dei.

Livet skjer, og målet er at alle elevane våre skal oppleve å vere ein del av samfunnet, etter kvart ta del i arbeidslivet, skape seg ei framtid som gir den einskilde meining. På vegen vil det det vere mange humpar i vegen, me må hjelpe dei å takle desse. Dei må som oftast løyse dei sjølv, men me kan gi råd og støtte. Lukkelegvis vil det òg vere utruleg mange fine dagar med kjekke opplevingar.

Julemarknaden var ein slik dag for meg. Då møtte eg berre glade og nøgde born og vaksne. Den siste veka ser eg fram til litt annleis dagar kor me er saman på tvers av klassane og har det kjekt i lag.

Til slutt vil eg takke for samarbeidet i 2023, ynskje alle ei fredfull jul og eit riktig godt nytt år, og deler eit dikt av Jon Fosse med dykk. Målet må vere at alle har ein person dei kan kjenne igjen, i dette diktet.

Helsing

Geir

Du er så tydeleg

du er så tydeleg

til stades

i smått og stort

og i alt du skulle ha gjort

Du går dit bort

Du gjer det langsamt

men for deg

så uendeleg fort

Du er min største kjærleik

Skal eg seie kva kjærleik er

må eg seie namnet ditt

Du er min kjærleik

Du er din eigen kjærleik

Du er kjærleik

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde