Barndom i Tysvær

Som eit ledd i elevmedvirkning vart det arrangert "Barndom i Tysvær" for elevråda i går.

Tysværvåg hadde ynskje om biljardbord i mediateker og fekk 10 000 kr.  Det blir garantert ein kjekk aktivitet. Bordtennisbordet dei fekk sist gong er mykje i bruk.

Elevråda har ansvaret for at ein eller fleire elever førebur seg skikkelig og grundig og legg fram skolen sitt prioriterte prosjekt (5-10 minutt til kvar skole) sammen med ein filmsnutt / digital presentasjon.

Dei som var med frå Tysværvåg var Jakob og Elisabeth frå 9. klasse. Leon Engel og Live frå 6. klasse.

Eg ynskjer alle ei god helg når me kjem så langt.