Personleg vekst gjennom ansvar
Eleven skal få lov til å ta det ansvar han eller ho er klar for. Eleven skal oppleve krav om at han eller ho tek dette ansvaret. Stell av dyra vil gjerne oppfattast som viktig og meiningsfylt. Å forstå at han/ho må gje lammet mat anten lysten er der eller ikkje, vil vere viktig læring. Læra å setje andre sine behov framfor eigne ønske.
Omsorg
I sin faste kontakt med dyra på garden, vil elevane få høve til å gje omsorg. I denne kontakten vil dei oppleve umiddelbar respons på denne omsorga frå dei som mottek han.
Omsorg og omtanke for andre, empati, er noko barnet skal lære i heimen, og få forsterka i skulen. Me veit likevel at ikkje alle får grunnkunnskapene i den sosiale kompetansen med seg heimanfrå. Då kan det vere lettare å starte med å gje omsorg til eit dyr enn til t.d. ein medelev. Elevane vil ha bonden som ein rollemodell dei kan sjå til, og dei vil på nært hald sjå den omsorga han gjer dyra. Mange av dei som kjem til skulen utan den sosiale kompetansen samfunnet forventar ein skal ha, manglar tydelege rollemodellar. Det vil då vere særs viktig å gje dei dette.
Nye rollar
På Sætre gard skal elevane sleppe unna dei rollane dei måtte ha på skulen. T.d. mobbar, klovn, mobbeoffer, klassens tøffing. Gjennom deltaking i aktivitetane på Sætre gard - Sandbekken leirskule, vil elevane lære ting som ikkje dei andre elevane kan. Dette skal dei få vise fram, og dermed opptre som rollemodellar, meistrar som lærer frå seg kunnskap.
Me vil heile tida søke situasjonar der eleven opplever meistring. Me trur at gjennom meistring oppstår sjølvtillit/sjølvkjensle, som igjen legg grunnlaget for vidare vekst.
Fagleg vekst gjennom praktisk arbeid
Praktisk tilnærming til oppgåver tilpassa deira nivå. Auka motivasjon gjennom oppgåver som er relevante for arenaen.
- Plante, stelle, hauste plantar og grønsaker.
- Lage mat med eigenproduserte råvarer.
- Ta i mot lam, vege, stelle og medisinera.
- Hogge ved.
- Turar i skog og mark.
- Stell av naturen.
- Stell av maskinar.
Teori og praksis hand i hand
Å sjå teoretisk kunnskap kan vere nyttig for å kunne nytte den praktiske kunnskapen fullt ut. Høve til å dra med seg erfaringane frå garden inn i skulekvardagen.
All vegingar og målingar vi gjer, vil vi notere ned og leggje inn på data. Desse kan vi bruke i vidare arbeid. Både det praktiske arbeidet og resultata vi legg inn på data vil vere eit naturleg utgangspunkt for diskusjon og samtale. Til dømes;
- Kvifor har dei lamma som gjekk på beite A vokst meir enn dei som gjekk på beite B dei siste to vekene?
- Kan vi gjere noko for å få opp veksten på desse lamma?
Målingane vil etter kvart som dei er registrerte, bli lagt inn på data saman med bilete. Arbeidet kan så leggjast ut i Classfronter, slik at eleven kan hente dette ut på heimeskulen og arbeide vidare med stoffet der.