Potet - tema og samarbeid med Tveit Jordbruksskule.

I veke 39 hadde 1. – 4. trinn potet-tema. Vi hadde eit par dagar med teori og ein dag med praktisk arbeid.

Vi jobba med historia til poteta, ulike potetsortar og kva vi kan lage av poteter. Det vart laga bakt potet til heile gjengen og det fall i smak.

Torsdagen fekk vi vera med å ta opp poteter i lag med Gunnar Vaage, lærar på Tveit, og nokre elevar frå VG1. Elevane gjekk bak potetopptakaren og henta poteter i store korger, som dei etterpå tømte i store pallekassar. Det var ein fantastisk innsats og det blei tatt opp mykje poteter på kort tid. Tveit har 7 sortar poteter; Blå Kongo, Asterix, Aksel, Mozart, Berber, Carolus og  Folva. Vi fekk med oss alle sortane dei hadde og laga til slutt ei potetutstilling på skulen. Takk til Tveit jordbruksskule og Gunnar Vaage for godt samarbeid.