Morgonsamling med våre elevar frå Ukraina.

 Idag 24.februar 2023 er det 1 år sidan krigen i Ukraina starta. 

I samband med dette hadde våre elevar frå Ukraina ei flott og rørande morgonsamling, godt leia av lærar Valentina.

Dei snakka litt norsk, presenterte sine tidlegare skular og me fekk litt innblikk i deira kultur og språk.

Fleire songar blei framført, blant anna den Ukrainske nasjonalsongen, ein vårsong og Ukraina sitt  bidrag til Melodi Grand Prix i fjor.  

Tusen takk for ein tankevekkande start på dagen, og påminning om kor heldige vi er som bur i et land med fred.