Girl Tech Fest

Jentene på 5.og 6.trinn har vore heldige og fått plass på Girl Tech Fest på biblioteket i Haugesund i år.

Eit populært arrangement med lange ventelister.
Ein veldig kjekk og heilt annleis skuledag seier jentene, med teknologi, koding og digital leik. Målet med dagen var å auka interessa for teknologi blant jenter.
H.K.H kronprins Håkon kom og gjorde dagen endå meir spesiell. Han snakka til jentene og dei fekk stilla spørsmål.