Formidabel innsats på joggedagen!

18. oktober gjennomførte skulen den planlagte joggedagen til inntekt for Redd Barna og med fokus på Ukraina. 

Heile 1926 km klarte elevane å springe, og har fått inn sponsormidlar på nesten 58.000,- kroner, som er eit heilt utruleg bra resultat. Kjempestolte av dei flinke elevane, og veldig takksame for alle som har vore sponsorar.

Vi overfører til Røde Kors så snart vi har fått inn alle sponsorpengane til Vippskonto 708713.

Elevane som sprang lengst, og fekk diplom med "Gullskoen" . Heile 32 km kvar klarte dei å springe !

8. trinn var klassen som sprang lengst i gjennomsnitt. 

I tillegg var det ein sprek føresett som var med og kasta glans over arrangementet, med eit imponerande resultat.

 

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde