SMARTEforeldre

Kursprogrammet si målsetting er å gi foreldre støtte og kunnskap til lettare å handtera barn som er engstelege og/eller triste. Utgangspunktet er at foreldre er ein viktig ressurs og ein rollemodell for barnet sitt.

Verkemiddelet er i hovudsak å gi kunnskap om angst og depresjon, og legga til rette for bygging av nettverk og sosial støtte. Foreldra kan utveksla idear og erfaringar om korleis dei kan støtta barna sine i å meistra engstelse og tristhet.

SMARTE FOREDLRE er utarbeida av Simon-Peter Neumer ved Regionsenter for barn og unges psykisk helse (RBUP) i samarbeid med organisasjonen Voksne for Barn. Programmet er evaluert fleire gonger med gode resultat. Programmet viser korleis ein kan forstå og handtera emosjonelle problem, og det eignar seg til å forebygga utvikling av angst og depresjon hjå barn og ungdom.

SMARTE FORELDRE KURS er eit gruppebasert rettleiingsprogram for foreldre som har engstelege og/eller triste barn i alderen 0 – 18 år.

Kurs

Ingen kurs er tilgjengelige for øyeblikket. Nye datoer blir oppdatert her.

For spørsmål ta kontakt med Audhild D. Frøyland.
Telefon: 905 57 986
E-post: audhild-drivdal.froyland@tysver.kommune.no