Vurdering for læring

Tysværvåg barne- og ungdomsskule er saman med alle andre skulane i kommunen med på ei toårig satsing som heiter Vurdering for læring.

Vurdering for læring er all vurdering som blir gitt undervegs i opplæringa og som bidrar til å fremje læring. Omgrepet Vurdering av læring blir brukt om prøvar og oppgåver som gir informasjon om kva eleven kan på eit gitt tidspunkt.

Utdanningsdirektoratet viser til fire forskningsbaserte prinsipp som er sentrale i vurderingsprosessar som har til føremål å fremje læring.
 

4 viktige prinsipp for undervegsvurdering
 

  1. Elevane skal forstå kva de skal lære og kva som blir forventa av dei
  2. Elevane skal ha tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen
  3. Elevane skal få råd om korleis dei kan bli betre
  4. Elevane skal vere involverte i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og eigen fagleg utvikling
     

Læraren sin tilbake-/framovermelding
 

  • Undervegsvurderinga  skal innehalde grunngjeven informasjon om kompetansen til eleven og skal bli gitt som meldingar med sikte på fagleg utvikling.
  • Tilbake- og framovermeldingane skal i hovudsak rettast  mot læringsmål og kriterium som er kjende for eleven.
  • Tilbake- og framovermeldingane skal føre til læring, og elevane skal få sjansen til å betre seg i temaet dei blei vurderte i.
  • Meldingane kan bli gitt munnleg eller skriftleg, og skal innehalde både kva eleven meistrar og vekstpunkt som eleven kan arbeide med.


Eigenvurdering
 

  • For at elevane skal kunne tenkje over kor dei er i læringsprosessen sin, er eigenvurdering viktig.
  • Eigenvurdering vil seie at eleven vurderer seg sjølv og reflekterer over om eit læringsmål er nådd eller ikkje.
  • Elevane må derfor lære å vurdere seg sjølv, slik at dei forstår kva dei skal lære, og kva dei skal gjere for å nå målet


Kva kan de som foreldre hjelpe til med for å styrke læringa?

 

  • Snakke positivt om skule og læring.
  • Følgje med på det som kjem heim av informasjon frå skolen.
  • Hjelpe barnet med å innarbeide gode rutinar for leksearbeid.
  • Reflektere saman med barnet over korleis det jobbar med skulearbeidet.
  • Spørje om barnet kan fortelje om vekas læringsmål og korleis han/ho  har tenkt å nå desse.
  • Høyre om læringsmåla er nådde kvar veke. Det er ikkje alltid nok at leksene er gjort.  Å gjere er ikkje sidestilt med å lære.
  • Ta kontakt med skulen dersom du opplever at barnet ditt strevar med å lære.
  • Vite at kjensla av å meistre gir born og unge lyst til å lære meir!
  • Bruke tid saman med barnet ditt og les kommentarane barnet får frå læraren på arbeid som er utført. Hjelp barnet med å jobbe vidare med det læraren anbefaler for at barnet skal betre seg i faget.
  • Spørje etter informasjon om barnet ditt si læring på utviklingssamtalane.
  • Tenkje over at me har ulike læringsstilar og lærer på mange ulike måtar. Vaksne må leggje til rette for at kvart barn får kjennskap til korleis det lærer best.