Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2,4 milliardar kroner i momskompensasjon på varer og tenester til frivillige lag og organisasjonar i 2024.

Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søke på ordninga.

Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det blir søkt om kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 2. september 2024. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.

Merk: Dersom organisasjonen er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norges Røde Kors, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande), så skal søknaden sendast via sentralleddet. Ver spesielt merksam på at sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn vår frist. Sjå det aktuelle sentralleddet sine nettsider, eller ta kontakt med dei for meir informasjon.

Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kr i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.

Det er ope for søknader, og søknadsfristen er 2. september 2024.

De finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet ved å følgje knappen nederst. Der ligg også informasjon om oppdateringar de må vite om i 2024.

 Momskompensasjon på varer og tjenester