Auka verdiskaping på garden - Invitasjon til studietur

Tysvær kommune, Tysvær bondelag og Tysvær og Bokn bonde- og småbrukarlag inviterer til studietur til Nord-Jæren som ein del av eit samarbeidsprosjekt for å auka verdiskapinga på garden.

Samarbeidsprosjektet skal auka verdiskapinga på garden, gjennom meir lokal produksjon og omsetjing av mat, tilbod om omsorgstenester på garden og andre tilleggsnæringar. Som ein del av prosjektet blir det invitert til studietur til Nord-Jæren.

Målgruppa er bønder og andre interesserte på Haugalandet.

Studietur til Nord-Jæren

Studieturen vil finne sted torsdag 14. mars 2024.

Avreise frå Aksdal kl. 08:00, med retur ca. 19:00.

Turen inneheld besøk hos småskala grøntprodusentar, gardsmeieri, gardsutsal og “Inn på tunet”.

Program:

Kl. 08:00
Avreise frå Aksdal.

Kl. 10:00
Randaberg Gårdsutsalg, hos Åge Kolnes på Randaberg. 
Åge dyrkar poteter og sukkermais.

Kl. 11:00
Nornes gård på Randaberg, hos Hilde Sande og Tomas Bø.
Der produserer dei mozzarella med eigen mjølk, på italiensk vis. Dei bygger nå ny driftsbygning til mjølkekyrne.

Kl. 12:30
Matpause

Kl. 13:30
Dysjaland gard på Sola. Dei har hatt “Inn på tunet" i mange år, som tek for seg garden som arena for positive opplevingar med deltakarar innan psykisk helse.

Kl. 15:30
Moen gard på Helleland, Tjelta, hos Tatyana Helleland som driv grønsaksdyrking. Tatyana og mannen starta med grønsaksproduksjon i fjor. Dei dyrkar poteter og grønsaker, og tomat og chili i drivhus.

Kl. 18:30
Retur til Aksdal.

Sjekk ut Tysvær bondelag si Facebook-side for meir informasjon.

Påmelding

Ønsker du å være med på studietur? 

Send SMS eller e-post med navn, mobilnummer/e-postadresse til:

Ståle Hustoft
Mob. 900 26 142
E-post: hustoft@hustoft.net

eller

Jostein Harboe
Mob. 924 66 228

Turen er støtta økonomisk av Rogaland fylkeskommune.