Velkomen til nytt skuleår!

Håpar at både elevar og føresette har hatt ein fin sommar!

Me tilsette ved Førland skule gleder oss til å treffa elevane igjen, og starte på eit nytt skuleår!

Fyrste skuledag blir måndag 22. aug, kor 2.-7. klasse startar dagen som vanleg kl. 08.30. 1.klasse startar kl. 09.00, kor ein møter på øvre skulegard.

 

Kjekt om føresette som har moglegheit, deltar på velkomsten på øvre skulegard kl. 08.30, kor ein ynskjer velkomen til nytt skuleår. Det blir også tilbod, slik som før pandemien, å slå av ein prat med andre føresette i gymsalen, kor det også blir sjølvforsyning med kake og kaffe.

 

Ynskjer elevar, føresette og ansatte ein god skulestart, kor me ser fram til ein godt samarbeid gjennom skuleåret! Saman gjer me kvarandre gode!

 

Helsing Frode Hundsnes, rektor v/ Førland skule