Skulestart august 2025

Velkommen til 10 nye 1.klassinger på Førland skule.

Velkommen til 10 nye 1.klassinger på Førland skule. Dei har allereie vore på besøk hos oss fleire gonger. Me gler oss til dei startar opp til hausten. Me takka også 7.klasse for sju fine år dei har gått på Førland skule 😊 

Personalet har planleggingsdagar før skulestart 11-13.august.  

Første skuledag for elevane etter skuleferien er torsdag 14.august kl.08.30,  og 1. klassingene startar kl. 09:00. Då startar også ordinær SFO frå morgonen av.