1 Innleiande informasjon
Øvst i sakspapiret kjem informasjon som ACOS Møte automatisk hentar inn frå WebSak. Dette gjeld dato for når sakspapiret blir oppretta, arkivsak-ID og journalpost-ID og namn på saksbehandlar.
I tillegg står namnet på kommunedirektør/rådmann. Dersom sakspapiret blir godkjent av fungerande kommunedirektør/rådmann, må saksbehandlar manuelt endra namnet.
Deretter kjem informasjon om kva utval saka er meldt opp til, samt møtedato og saksnummer i utvalet. Denne informasjonen kjem automatisk opp, høvesvis når saksbehandlar melder saka opp til eit utval og når møtesekretær legg saka inn i sakslista til eit konkret møte.
I dei følgande overskriftene er både nemningane frå sakspapirmalen på nynorsk og bokmål brukt.