I Norsk Veg DataBase (NVDB) finn du mykje informasjon om tilstanden på norske vegar.

Tysvær kommune har kartlagd alle sine vegstrekningar, og desse er nå tilgjengeleg på Statens vegvesen sin nettstad https://www.vegkart.no. Her får du ei oversikt om kva type veg det er, status på vegane, kvar der er gangfelt, fartshumpar, gatelys og mange fleire vegobjekt.

I lenkene under finn du dei ulike kartleggingane som gjeld Tysvær Kommune. I nokre av lenkene får du opplysningar om alle vegtypane, som er Europaveg (Ev), Fylkesveg (Fv), Kommunal veg (Kv), Privat veg (Pv) og Skogsbil veg (Sv). Det gjeld også gang- og sykkelveg. Andre lenker viser kun opplysningar om kommunale, private eller skogsbil veg.

I dei ulike karta kan du zoome inn og klikke på ein veg eller objekt for å få meir informasjon.