Tysvær kommune sin trafikksikringsplan blei vedtatt i kommunestyret 08.05.2018.

Visjon: I Tysvær skal ingen misse livet eller verte alvorleg skadd i trafikkulykker.

Formuleringa er henta frå null-visjonen som er staten og vegvesenet sin tanke om ein framtidig ideell situasjon i Noreg. Det er ein visjon, eit mål å arbeide i retning av. Vi veit vi aldri vil nå det, men vi kan nærme oss det. I nullvisjonen blir skadeomfanget sett i fokus: Fordi om vi blir utsette for ei ulykke, så skal ikkje det kunne føre til dei mest tragiske utfall.

Dette er Tysvær sin trafikksikringsplan nr 3, og det er ein revidert versjon av den planen som vart vedteken i 2010.

Det er mange gode grunnar til at kommunen utarbeider TS-plan. Den viktigaste er at vi gjennom planarbeidet får retta merksemda mot ulykkene som skjer i trafikken, vi får avklart betre kor problempunkta finst, og vi får drøfta kva vi kan gjere. Planen skal gi oss eit oppdatert grunnlag for å prioritere og utarbeide handlingsplan. TS-planen er kommunen sitt offisielle strategidokument på området og blir brukt i budsjettsamanheng, ved søknad om TS-midlar frå stat og fylke, ved drøftingar omkring konkrete tiltak, osv.

Tilskottsordninga som fylkeskommunen har er viktig i det kommunale TS-arbeidet. Desse midlane kan berre brukast på kommunale og fylkeskommunale vegar. 

Under kan du lese sist vedtatt TS-plan med tilhøyrande vedlegg.

Trafikksikringsplan Tysvær kommune 2018

Vedlegg 1: Handlingsplan del 1

Vedlegg 2: Handlingsplan del 2

Vedlegg 3: Kartbilag

Vedlegg 4: Informasjon om Trafikksikker kommune