Kommunen har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale veger. Statens vegvesen har ansvar for fylkesvegane.

Her kan du sjekke kven som har ansvar for vegen.

Kommunen har ansvar for å vedlikehalde køyrebane, sideområde, skråningar og dreneringssystem.

Oppgåver

  • Fjellsikring
  • Grøfte rensk
  • Feiing og reinhald
  • Rydding av vegetasjon
  • Oppmerking og skilting
  • Tøming av vegsluk
  • Reparasjon av vegdekke
  • Vintervedlikehald - brøyting og strøing

Sikthindrande vegetasjon

Sikten må vere god langs veger, fortau og gangveger (seinare kalla veg). Dette for å unngå ulykker med enten bilar, syklar eller fotgjengarar. Målet er at alle skal sjå eit barn på trehjulssykkel frå alle retningar slik at eit køyretøy kan stoppe på ein tredjedel av avstanden mellom barnet og køyretøyet. Vidare skal framkomsten ikkje hindrast av vegetasjon som veks ut på vegens område. Store/høge køyretøy har ofte problem på grunn av dette. Vegetasjon skal heller ikkje skjule vegmerking, vegnamn- eller trafikkskilt eller belysning. Dersom eigedomen din grenser mot veg er det ditt ansvar å fjerne vegetasjon som er til hinder.

Kommunen kan pålegge grunneigar å klippe, kutte ned eller flytte vegetasjon som skaper hindringer (sjå rettleiar under). Grunneigar vil først få ei oppmoding om å gjere tiltak sjølv. Dersom pålegget ikkje vert følgd kan kommunen sjølv syte for naudsynt fjerning for grunneigars rekning.