Privat vatn

Plan- og bygningslova set krav om at alle bygg som er berekna for opphald av menneske eller dyr skal ha hygienisk betryggande og tilstrekkeleg drikkevatn, samt slokkevatn. Dersom eigedommen ligg i eit område kor det ikkje er kommunalt vatn, må ein skaffe dette privat. Ny drikkevassforskrift kom i 2017. Den seier at alle drikkevassystem som leverer vatn til to eller fleire hytter/hus, eller leverer vatn til anna type bygg enn hus/hytte, skal registreras hjå Mattilsynet. Dette er gjeldande frå 1. juni 2017.

Her finn du to brosjyrar frå Norsk Vann med nyttig informasjon;

Kommunen tar ikkje vassanalysar av privat vatn. Det er fleire private laboratorie som tilbyr ”prøvepakkar” med analyse på dei vanlegaste parameterane.

Lovverk:

Privat avløp

Dersom du skal leggje inn vatn eller installere vasstoalett i huset eller hytta og ikkje kan knyttas til kommunalt avløp, må du søke om utsleppsløyve for avløpsvatn. Avløpsvatn er avløp frå vasstoalett, kjøkken, bad og vaskerom (sanitært avløpsvatn). Gråvatn er avløp frå kjøkken, bad og vaskerom.
 
Ingen kan setje i gang nye utslepp eller auke utslepp vesentleg utan at løyve er gitt i medhald av forureiningsforskrifta §12-5. Eigar av avløpsanlegget er ansvarleg for drift- og vedlikehald.

Tysvær kommune sine retningslinjer for behandling av søknad om privat utslepp mindre enn 50 pe omtalar kva løysningar som kan godkjennas i dei forskjellige områda i kommunen. Retningslinjene og områdeinndelinga finn ein her:

Ta kontakt med ein røyrleggjar som vil stå som ansvarleg for planlegginga og utføringa av avløpsanlegget.

Skriftleg søknad skal innhalde følgjande:

  • type avløpsanlegg og dimensjon på anlegget
  • opplysningar om utsleppet vert etablert i samsvar med krav i kommunen og forureiningsforskrifta kap.12
  • kart med avløpsanlegget og utsleppstaden innteikna
  • opplysningar om interesser som kan bli berørt av etableringa

Partar og andre som kan bli særleg berørt av saken skal varslast om innhaldet i søkaden. Kopi av nabovarsel skal sendast inn saman med søknaden.

pdf Søknad om utslepp (48 KB)
 
Søknadar vert behandla fortløpande. Komplett søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krav i forskrifta kap.12 skal avgjerast av kommunen innan 6 veker. Gebyr for behandling av søknad er i henhold til kommunen sitt gebyrregulativ for tenester etter plan- og bygningslova.

På nettsida www.avlop.no finn ein mykje nyttig informasjon om dei ulike reinseløysningane.

Her finn du nokre nyttige brosjyrar:

Private anlegg og septiktankar skal tømmast etter fastsette intervall. Det er HIM, Haugaland Interkommunale Miljøverk, som forvaltar denne ordninga på vegne av medlemskommunane.

Tilsyn: 

Tysvær kommune starter i 2019 med systematisert tilsyn av private avløp. Les meir om det her

Lovverk: