Kvar haust vil Tysvær kommune servera vafler og influensavaksine til friske personar over 65 år. I år vert dette i samarbeid med bLest 7. november 2019 i Tysværtunet.

 

Vaksinasjon – ei sukesshistorie

Ingen medisinske nyvinningar har spart meir liv og helse enn godt gjennomførte vaksinasjonsprogram. Foreldregenerasjonen i dag veit knapt korleis meslingar arter seg. I fjor vart det registrert over 30.000 tilfelle av meslingar i Europa, med over 50 dødsfall og ennå fleire alvorlege hjerneskadar av denne sjukdommen. Før meslingvaksinen vart innført hadde me like stygge tal i Noreg årleg.

 

Influensa – om lag 1000 dødsfall årleg i Noreg

Dersom me vil vaksinera bort influensaepidemiane må om lag 70% av alle innbyggjerar vera vaksinerte. Dette er eit mål som vil vera vanskeleg å nå. I Noreg satser ein heller på å beskytta risikogruppene, og har som mål at 75% av desse skal vera vaksinerte. I tillegg bør alt helsepersonell og andre som har direkte kontakt med personar i risikogruppene vera vaksinerte. Tal frå 2017 viser at kun 17% av helsepersonell og om lag tredjeparten i risikogruppene vaksinerte seg.

 

Råd og hjelp hos fastlegen er viktig

Eit personleg råd fra fastlegen er den viktigaste faktoren med tanke på god vaksinasjonsdekning for personar i risikogruppene. Det er også viktig at det er praktisk enkelt å få sett vaksinen. Personar med kronisk sjukdom er innom fastlegen minst ein gong årleg. Gravide er innom fastlege eller jordmor mange gonger i influensasesongen. Ei kort påminning og god tilrettelegging for influensavaksinasjon hos fastlegen kan ha mykje å seia for god helse framover. Fastlegen vil også gi råd om andre viktige vaksinar, både pneumokokkvaksine og oppfriskning av barnevaksinane.

 

For få friske over 65 år vaksinerer seg

Om lag 25% av alle innbyggjerar viser seg å høyra til risikogruppene. Av desse vil om lag to tredjedelar vera i gruppa friske over 65 år. Det viser seg at mange av desse ikkje tenker på influensavaksine i det heile. I tillegg er mange av desse framleis i fast arbeid og ønsker ikkje å ta seg fri for å vaksinera seg. Det er desse personane som vil få tilbod om «Vafler og vaksine» kvar haust.

 

Kvifor influensavaksinasjon til friske personar over 65 år

Årleg vaksinasjon fungerer omtrent som pensjonssparing – ved årlege investeringar kan du ta ut utbyttet når du verkeleg treng det. Dersom du venter med influensavaksinasjon til du er 80 år, er immunapparatet for svakt til å respondera godt nok på vaksinasjonen. Influensaviruset endrer seg litt fra år til år – derfor må vaksinen endrast og setjast på ny kvart år. Ved gjentatt vaksinasjon vert immunapparatet betre og betre rusta til å forsvara seg. Ved å starta årlege vaksinasjonar ved 65 års alder, tar ein med seg denne effekten opp i eldre år – når ein verkeleg treng eit godt immunforsvar.

Influensa er ei hard påkjenning for heile kroppen og kan føra til komplikasjonar i ei rekke organ med langvarig rekonvalesens også for elles friske personar – og langvarig sjukdom passer alltid dårleg.

Vaksinasjon sparer deg for kompliserande sjukdom og bruk av antibiotika. Redusert bruk av antibiotika fører til mindre resistensproblem.

 

vaksinering